Brukar VR til opptrening av hjerneslagspasientar

Jeanette Svarstad og Stine Solvik såg at hjerneslagspasientar lett kan bli demotiverte ved lengre rehabiliteringsopphald. No brukar dei VR-teknologi for å auke motivasjonen og mestringsfølelsen.

– Bruk av Virtuell verkelegheit gjer at pasientane kan føle seg litt friskare i sjukehusverda, og dei ser ikkje på dette som trening, seier Svarstad.

Svarstad og Solvik er spesialfysioterapeutar ved avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenester i Helse Førde. Dei testar ut VR-teknologi til opptrening av pasientar som har hatt hjerneslag, og ønskjer å vidareutvikle VR som arbeidsmetodikk for å kunne tilby det til fleire pasientar.

Aukar motivasjonen
Pasientane speler eit spel medan dei har på seg VR-briller, og bruker handkontroller som sverd for å slå boksar i takt med musikk. Dei får trena armfunksjon, balanse, tempo, rytme og koordinasjon.

Tilbakemeldingane frå pasientane har vore veldig gode.

Dei trekkjer mellom anna fram at det er befriande å flykte frå sjukehusveggane og dei fysiske begrensningane dei har fått etter hjerneslaget.

– Når dei speler får pasientane ein score, og dei fortel levande om at dei vil slå denne til neste runde, seier Solvik.

Dette gir auka motivasjon i spelsituasjonen, til andre treningsøkter og i kvardagen generelt.

–  Motivasjon er viktig for god framgang, og vi kjenner på det når pasientane er demotiverte. Det betyr mykje for oss at vi får ut potensialet deira og at dei synest det er kjekt og motiverande. Vi ser at dei blomstrar, fortel Solvik

Med VR kan ein òg trene meir effektivt med færre ressursar, og pasientane eig treninga meir sjølv.

– Vi kan leggje til rette spelet slik at det er nok at det berre er ein fysioterapeut tilgjengeleg, seier Svarstad.

Fekk interne innovasjonsmidlar
Prosjektet er eit forbetringsprosjekt av Helse Førde i samarbeid med Helse Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest IKT. Prosjektet fekk såkornmidlar frå Helse Vest i mars 2020, og  var blant dei som tidlegare i år fekk interne innovasjonsmidlar frå Helse Førde.

Dei interne innovasjonsmidlane skal bidra til å implementere VR som ein del av drifta i avdelinga, lære opp fleire medarbeidarar og kjøpe inn utstyr.

Til no er det berre Svarstad og Solvik som brukar det for å prøve det ut på pasientane, men neste steg er at alle fysioterapeutane skal bli betre kjent med det og gjennomføre treningar.

– Vår jobb framover er at fleire av dei skal få prøvd det, forhåpentlegvis også på andre pasientgrupper. Prosjektet har blitt teke kjempegodt i mot av leiinga og på avdelinga. Mange synest det er veldig spanande og er veldig klare til å setje i gong og prøve sjølv, seier Svarstad.

Alle pasientane vil få vanleg fysioterapi også, så dette vil bli eit verktøy på lik line med andre tiltak.

Utviklar nytt spel
Svarstad og Solvik har samarbeidd med to bachelorstudentar frå Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen. Studentane har utvikla eit spel som er meir tilpassa hjerneslagspasientar på oppdrag frå Svarstad, Solvik og oppdragsgivar Lars Peder Vatshelle Bovim, seksjonsleiar ved Energisenteret for born og unge i Helse Bergen, høgskulelektor ved HVL og fysioterapeut. Dei skal vidare inn i eit samarbeid med ein masterstudent i same miljø som skal vidareutvikle spelet.


Stine og Jeanette skal halde innlegg på VR-dagen 13 september. Her skal også dei to bachelorstudentane halde eit innlegg om spelet.

 


Video: Rakkar

Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.