Å bli skrøpeleg: eldre og deira pårørande sine erfaringar
Bente Egge Søvde disputerer 1.9.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Lived experiences of frailty among home-dwelling older people and family caregivers».
Avhandlinga byggjer på tre artiklar om heimebuande eldre og deira pårørande sine erfaringar med skrøpelegheit og omsorg.
Den første artikkelen utforska korleis eldre erfarte å leve med ein skrøpeleg kropp. Funna viste at deltakarane måtte tilpasse seg omgjevnadene etter kvart som kroppen mista sin tidlegare kapasitet. Å leve med ein kropp i stadig endring kravde at den eldre personen balanserte det sterke og det skrøpelege i seg sjølv. Dei gav ikkje opp, men fann nye strategiar for å leve meiningsfulle liv. Ulike aktivitetar var avgjerande for å bevare kjensla av å vere seg sjølv. Resultata viste og at å bruke eigne ressursar og få støtte av andre, som familie og helsepersonell, var avgjerande for å handtere livssituasjonen.
Den andre artikkelen undersøkte korleis skrøpelege eldre erfarte å bu heime samtidig som dei vurderte å flytte til eller søkje plass på sjukeheim. Resultata viste at tidlegare korttidsopphald hadde vore til hjelp, men gav lite høve til personleg tilpassa aktivitetar. Funna viste kva heimen betydde for dei eldre. Å bli skrøpelegare og risikere å flytte frå heimen sin vart vanskeleg for både den eldre og dei pårørande.
Den tredje artikkelen handla om pårørande si erfaring med å gi omsorg til skrøpelege heimebuande eldre. Dei måtte handtere endringar i eigne framtidsutsikter når omsorgsrolla vart omfattande. Pårørande ønskte å sikre at dei eldre hadde det bra og var trygge både her og no, og framover i tid, når dei måtte delegere omsorga til andre. Å vere pårørande kunne overvelde kapasiteten deira, sjølv om dei prøvde å førebu seg.
Avhandlinga gir ny innsikt i eldre og pårørande sine perspektiv, som kan bidra til å forstå behova til eldre som lever med skrøpelegheit, og korleis ivareta og samarbeide med pårørande.
Bente Egge Søvde (f.1978) er utdanna sjukepleiar ved Høgskulen på Vestlandet, (2001) og fullførte helse- og sosialfagleg master ved Høgskulen i Volda i 2013. Hovudrettleiar for avhandlinga er professor Jorunn Drageset, UiB og HVL. Professor Anne Marie Sandvoll, HVL og førsteamanuensis Eli Natvik, HVL og Helse Førde er medrettleiarar. Bente Egge Søvde arbeider ved Institutt for helse- og omsorgsfag, HVL, Campus Førde.
Prøveforelesning 1.9 kl. 10.15–11.15
Oppgitt emne: Skrøpelighet hos eldre, implikasjoner for fremtidens helsehjelp til eldre og deres pårørende
Stad: Haukeland Universitetssykehus, Armauer Hansens hus, Auditorium AHH
Disputas 1.9. kl. 12.15–15.30
Stad: Haukeland Universitetssykehus, Armauer Hansens hus, Auditorium AHH
Helseforsking Sogn og Fjordane gratulerer!