Anne Marie Sandvoll begynte i eldreomsorga som 16-åring. No har ho blitt professor

Anne Marie Sandvoll. Foto: Arvid Fimreite.

Anne Marie Sandvoll har brukt mykje krefter på å byggje opp eit fagmiljø. Foto: Arvid Fimreite.

Helseforskingsmiljøet i Sogn og Fjordane har fått nok ein professor. – Eg blei kjempeglad. Det har vore mykje arbeid, så det er veldig kjekt å få den bekreftinga.

Det seier Anne Marie Sandvoll, som i desember fekk opprykk til professor i sjukepleievitskap ved Høgskulen på Vestlandet Campus Førde.

53-åringen bur på Kyrkjebø, men er opphavleg frå Øvre Årdal. Ho er sjukepleiar med hovudfag i helsefag, har utdanning innan pedagogikk og doktorgrad i sjukepleievitskap. Sandvoll har jobba ved høgskulen sidan 2002.

– Det har vore viktig for meg å rettleie andre for å heve deira kompetanse, og plutseleg var eg på veg sjølv – til å bli professor, seier ho.

Forskingsfeltet hennar er eldreomsorg, og ho forskar mellom anna på pleiekvalitet og aktivitetar for bebuarar i sjukeheimar, og på kvardagsrehabilitering og ambulante tenester i høve omsorg for personar med demens.

Sandvoll leiar også forskingsgruppa ‘Kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenesta’, som er tilknytt Helseforsking Sogn og Fjordane – eit felles kunnskapsmiljø eigd av HVL og Helse Førde.

– Vi er opptatt av eit godt og trygt fagmiljø, og å støtte og hjelpe kvarandre sånn at alle kan lykkast, seier Sandvoll.


Tidleg interesse for eldreomsorg
Interessa for dei eldre vakna tidleg. Mor hennar jobbar som hjelpepleiar på sjukeheim, og Sandvoll var mykje der i oppveksten. Ho byrja allereie som 16-åring å jobbe innanfor eldreomsorga.

– Då byrja eg å vaske på sjukeheimen, og etter kvart blei det andre oppgåver. Eg har vel hatt alle jobbar på sjukeheim utanom vaktmeister og styrar, seier og ho ler.

Sandvoll har altså fått eit litt anna forhold til sjukeheimar enn andre. Ho fortel at ho alltid har likt dei eldre, og at ho begynte å forske fordi ho er opptatt av at det skal bli betre tenester for dei som treng det. Og det er eit forskingsfelt som blir stadig viktigare no når det blir fleire eldre i befolkinga.

– Eldre er ei gruppe som det blir forska relativt lite på. Dei som jobbar på sjukeheim og ikkje minst dei eldre, blir glade når nokon fokuserer på dei og det dei driv med, fortel ho.


Eit godt og trygt fagmiljø

Sidan ho disputerte for doktorgraden i 2013, har ho brukt mykje krefter på å byggje opp eit fagmiljø.

– Det har stor betyding for rekruttering til forsking og undervisning. Mange hadde kanskje ikkje tenkt på å forske vidare eller bli førstelektor utan det. Vi er opptatt av eit godt og trygt fagmiljø, og å støtte og hjelpe kvarandre sånn at alle kan lykkast, seier Sandvoll.

Ho er også opptatt av å dra studentane inn i forskinga. Over 400 bachelorstudentar har blitt involvert i forsking medan dei har vore i praksis på sjukeheim, og ho involverer også masterstudentar i forskingsprosjekta hennar.

Sandvoll med studentar som har presentert funn frå kartlegging av aktivitetar i sjukeheim i Florø.

At ein har eit helseforskingsmiljø i Sogn og Fjordane, meiner ho er vesentleg for å få til ting i regionen.

– Det er kjempeviktig av fleire grunnar. Både at det blir fokus på forsking og kompetanseheving, og at det vert mange gode faglege møteplassar. Om ein lurar på noko, så veit ein at miljøet er der og støttar deg. I tillegg lærer ein mykje av kvarandre, fortel ho.

Forskingsleiar ved Helseforsking Sogn og Fjordane, Marit Solheim, meiner Sandvoll sitt opprykk til professor er viktig for helseforskingsmiljøet.

– Dette er ein stor milepæl for oss! At vi no har fagfolk med professorkompetanse i full stilling i alle gruppene våre er viktig for vidare utvikling av forskinga vår og bygging av kunnskapsmiljøet. Eg vil særleg trekke fram måten vår nye professor involverer studentane i aktiv deltaking i forsking, på ein måte som også kjem praksisplassane der dei er til gode. Kompetansen studentane  får gjennom dette vert ein ballast dei tek med seg inn i yrkeslivet, seier ho.


Dei eldre og digitale verktøy

Forskingsgruppa har eit tett samarbeid med kommunehelsetenesta og har med medlemmar frå praksisfeltet.

– Forskinga kan hjelpe til med å utvikle praksisen gjennom ei bevisstgjering og kartlegging av korleis ting er. Vi har mellom anna funne at dei eldre på sjukeheimane er lite ute, men at situasjonen er betre for dei som har mykje besøk av pårørande, seier Sandvoll.

Også her involverast studentane.

– Vi har hatt studentgrupper som har hatt aktivitet og tur ut med dei eldre som del av sine prosjekt, seier ho.

No held forskingsgruppa på med eit prosjekt der dei ser på kva digitaliseringa har å seie for helse- og omsorgstenesta.

– Der ser vi på helsepersonell og eldre sine erfaringar med digitale verktøy. Dette er viktig på grunn av dei store geografiske avstandane i distriktet vårt, men òg på grunn av pandemisituasjonen vi er i, seier ho.

I tillegg til opprykk til professor har Sandvoll fått ei ny rolle som forskingsfagleg rådgjevar for Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Vestland (Sogn og Fjordane).