ASK-prosjektet med eige symposium på stor amerikansk konferanse
Ni tilsette frå HiSF/Helse Førde deltok på ACSM-konferansen (American College of Sports Medicine) i Boston i USA i juni. Dette er ein av dei største og beste konferansane på fagfeltet.
ASK-prosjektet vart presentert på eit to-timars symposium, som blei av slutta med paneldebatt der Geir Kåre Resaland (HiSF/Helse Førde) og Sigmund Alfred Andersen (HiSF) deltok (sjå bilete). Andre på bilete er Heather McKay (Canada), Patti-Jean Naylor (Canada) og Joseph Donnelly (USA).