Entries by gurobryn

Registrering av vitskaplege publikasjonar i Cristin

Intern frist for registrering av vitskaplege publikasjonar frå 2017 er 1. februar 2018 hjå både Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Helse Førde (HF). Dei som har publisert vitskaplege arbeid i 2017 må gå inn i Cristin og sjekka at alle dykkar publikasjonar er registrert og at posten er merka som «Regnes som vitenskapelig i rapportsamenheng».  Ver òg […]

Ny vitskapleg publikasjon

Ernæringskartlegginga i heimesjukepleien kan betrast. Essayet handlar om utfordringane sjukepleiarane møter når dei skal vurdere ernæringstilstanden til eldre pasientar med heimesjukepleie. Halvparten av dei eldre med heimesjukepleie er underernærte eller står i fare for å bli det. Underernæring kan førebyggast ved å kartlegge ernæringstilstanden for tidleg å sette inn ernæringstiltak. Mange kommunar manglar standardisert praksis […]

Beste poster i kategorien studentposter: «Eg kunne ikkje hatt det betre»

Studentane har gjort eit prosjekt i heimetenesta i Eikefjord. Dei fann ut at eldre som nytta seg av dagsenteret sitt tilbod er godt nøgd med kvardagen sin. Dei seie at dei kunne ikkje hatt det betre. Beste poster i kategorien studentposter: Sjukepleiarstudentane Miriam Andrea Aaberg, Kine Solheim, Marion Tyssedal Sundbotten og Maren Kristine Bjerke vann […]

Ny vitskapleg publikasjon!

Tid til fagleg oppdatering for sjukepleiarar i kommunehelsetenesta? Sjukepleiarar i klinisk arbeid må kontinuerleg arbeide med å vere fagleg oppdaterte for å stette krava dei møter. Dei beskriv mange faktorar som påverkar dei i arbeidet med å halde seg fagleg oppdaterte – mellom anna fellesskap med kollegaer, refleksjonstid, tidspress, økonomiske faktorar og mangel på tilrettelegging […]

Om demens, frå dei som sjølv er råka

Å jobbe for openheit kring demens er noko av det viktigaste helsepersonell kan gjere, seier Alv Orheim, som sjølv fekk diagnosen i 2009. – Då eg endeleg aksepterte at eg leid av demens, var det mange brikkar som fell på plass, mykje eg forstod. Samtidig var det også mykje som raste saman. Eg hadde nett […]

Disse maskinene har potensial til å revolusjonere helsen din

Kraftig MR og programvare utviklet for oljeindustrien kan stille diagnose på 15 minutter. I en ikke altfor fjern fremtid kan mange sykdomsdiagnoser stilles på minutter. Det blant annet takket være det norske Fjordomics-prosjektet, som tar i bruk teknologi på nye måter. Fjordomics-prosjektet, er eit samarbeid med mellom anna Helse Førde og HVL, campus Førde De analyserer […]

Ny vitskapleg publikasjon!

Korleis kan vi skape gode hjelperelasjonar? «The first sessions of psychotherapy: A qualitative meta-analysis of alliance formation processes» Fleire tiår med forsking viser at relasjonen mellom terapeut og pasient er avgjerande for å lukkast med psykologisk behandling.  Likevel veit vi endå lite om kva som skapar desse gode hjelperelasjonane, og kunnskap om relasjonsbygging kan potensielt […]

Ny vitskapleg publikasjon!

«Førdemodellen» – sjukepleiarstudentar og legestudentar arbeider saman om pasientar Studentar som har praksis ved medisinsk sengepost i Helse Førde samarbeider i tverrprofesjonelle studentteam. Studentane får ansvar for å planlegge og gjennomføre utgreiing, pleie og behandling for pasientar med uklar/ kompleks tilstand (Førdemodellen). Artikkelen syner at eit slikt samarbeid gjer at studentane vert tryggare på den […]

To ledige stillingar i Helse Førde

Forsking – Stipendiatstilling innan stomisjukepleie – Forsking og innovasjon – Søknadsfrist 22.11.2017 Helse Førde, Kirurgisk klinikk, har frå 01.02.2018 ledig ei midlertidig stilling for doktorgradsstipendiat for ein periode på tre år på fulltid eller fire år i 75% stilling. Stipendiaten blir del av forskingsgruppa »Folkehelse, livsstil og overvekt». Prosjektleiar og hovudrettleiar er professor John Roger […]