Entries by mediebruketbot

Ny vitskapleg publikasjon!

Pasientars erfaringar med kliniske tilbakemeldingssystem i psykiske helsetjenester. Kliniske tilbakemeldingssystem i psykisk helsevern vil verte sentrale i framtids helsetjenester, t.d i form av Helse Førde sitt sjølvutvikla NORSE-system. Denne artikkelen er ein systematisk litteraturgjennomgang og metasyntese av kvalitativ forsking på dette området. Funna er oppsumerte i fire overordna tema: 1)  Mistenksomheit overfor leverandørar av helsetjenester, […]

Tester teknologi for å betre helsa til fedmeopererte

– Me veit ikkje godt nok korleis me kan bidra til at den einskilde pasienten får best mogleg livskvalitet etter fedmeoperasjon, seier stipendiat Pål Andre Hegland ved Campus Førde. Det er dette Hegland skal bruka stipendiattida si på å finne ut. Han skal ta i bruk noko han kallar klinisk tilbakemeldingssystem, eit digitalt spørjeskjema der […]

NORSE har fått eiga nettside!

Senter for helseforsking gratulerar NORSE me eiga heimeside! NORSE er persontilpassa psykisk helsevern. NORSE er eit aktivt lærande elektronisk sjølvrapporteringssystem der pasientar melder frå om korleis dei har det over ei rekke dimensjonar av psykisk helse. Behandlar og pasient får tilgang på avansert informasjon om mønster i pasienten sin tilstand. Dette støttar val i behandlingsprosessar. Link […]

Høgt arbeidspress gjer omsorg til rutinearbeid

Leiarar har eit stort ansvar for å dyrke fram det beste i dei tilsette, til beste for dei som treng hjelp, meiner Olina Kolbotn Rom for utanomsnakket Det er over ein kaffikopp noko av det viktigaste skjer. På personalmøtet får travle pleiarar og sakshandsamarar høve til å snakke om jobben dei gjer. Ein god leiar […]

Vellykka Forskingskompetansedagar!

– Det er konklusjonen etter at Forskingskompetansedagane vart gjennomført torsdag og fredag. 11.-12. mai var Forskingskompetansedagane arrangert av Senter for Helseforsking. Tilsette som driv med forsking eller er interessert i forsking frå begge miljø var invitert til både å bidra og høyra på. Målet med forskingskompetansedagane i år var å fremma god forvaltning av forskingsdata […]

Mål- og resultatstyring i sjukepleia går på omsorga laus

Ole T. Kleiven og Lars Kyte frå Høgskulen på Vestlandet og Kari Kvigne frå Høgskolen i Innlandet, har saman skreve artikkelen «Sjukepleieverdiar under press?» Artikkelen er publisert i Nordisk Sygeplejeforskning. Hovudfunnet deira er at dei tradisjonelle verdiane i yrket framleis er intakte, men at nye måtar å organisere arbeidet på gjer at desse verdiane har kome […]

Helse Førde, Førde kommune og HVL fekk stor innovasjonstildeling frå forskingsrådet

No skal det verte lettare for deg som pasient å påverke ditt eige behandlingsopplegg. Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (HVL) ved Campus Førde og Førde kommune forskar i fellesskap på korleis digital kommunikasjon hjelper til med dette. Dei tek pasienten sine tilbakemeldingar på større alvor, og Norges forskingsråd løyver dei 10 millionar kroner raust på […]

Professor Christian Moltu fekk Kvalitetsprisen 2017

Christian Moltu, fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, er tildelt Helse Vest sin Kvalitetspris 2017. Han får prisen for arbeidet med å utvikle og innføre The Norwegian Response System for Evaluation (NORSE) i Psykisk helsevern i Helse Førde. Les heile artikkelen her!

Studentar innførte system for betre pasienttryggleik

Liggesår, infeksjonar, fall: Dette er nokre av farane pasientar er utsette for på sjukehus. Ei gruppe sjukepleiarstudentar frå HVL har jobba med ein metode for å gjere opphaldet tryggare. Tekst: Katrine Sele ”Tavlemøte” er namnet på tiltaket som fire studentar ved sjukepleieutdanninga i Førde har vore ansvarlege for å innføre. I løpet av praksistida si […]