Campus Vie-forprosjektet er no klart med tilrådingar
Forprosjektet for Helse Førde og HVL sin felles utvikling av campusområdet på Vie er no ferdig, og tilrår løysingar på arealutfordringar i dag og i framtida.
I vår starta Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet eit forprosjekt for å vurdere behov for, og tilrå løysingar for felles arealutfordringar på både kort og lang sikt. Det er behov for større og betre areal for samlokalisering kring utdanning og opplæring, ferdigheitstrening og simulering, forsking og innovasjon, og møte og kursverksemd.
Målet er at Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet i samarbeid skal vidareutvikle kompetansemiljøet på Campus Vie, slik at ein i lag kan bidra til endå betre helse- og omsorgstenester. Ei styrka satsing skal gjere Førde meir attraktiv som studiestad og arbeidsmarknad.
Forprosjektet har arbeidd både med ei kortsiktig og ei langsiktig løysing, der ein har sett på behovet for areal som er i dag, og kva som kan verte aktuelt i framtida med ambisjonen om at forskings- og innovasjonsmiljøet i begge organisasjonane skal vekse.
Tilråding frå forprosjektet:
- Forprosjektet tilrår på kort sikt at ein flyttar det felles forskingsmiljøet, formalisert gjennom Helseforsking Sogn og Fjordane, frå Tefre inn i Angabygget på campusområdet på Vie. Dette vil gje ein nærleik til både Helse Førde (HFD) og HVL, som er føremålstenleg i ei vidare bygging av eit felles FoU-miljø. Ein legg til grunn at Angabygget vert oppgradert og tilpassa den nye bruken.
- Forprosjektet tilrår på lang sikt at det blir etablert eit hovudprosjekt som må arbeide vidare med:
- detaljert arbeid rundt rehabilitering av Angabygget, og å vurdere framtidig potensial for bygget.
- å avklare mogeleg nybygg på parkeringsplassen aust for Angabygget.
- å avklare mogeleg nybygg på parkeringsplassen vest for HVL-bygget.
Når det gjeld ei langsiktig løysing, har forprosjektet også sett på andre potensielle interessentar som kan vere aktuelle i ein felles bygningsmasse. Dette inkluderer mellom anna UiB (Vestlandslegen), helseklynge og opplæringsbehov for kommunane. Samarbeid omkring helse og teknologi krev også labareal. Forprosjektet har estimert eit behov på omlag 6800 kvadratmeter netto, eller vel 8000 kvadratmeter brutto i framtidige bygg.