Ledig stilling!

Helse Førde HF er i gang med ei spennande oppgåve – å utvikle ei nasjonal helseatlasteneste som set lys på og analyserer variasjonar i forbruk av helsetenester mellom ulike deler av landet. Helseatlastenesta skal bidra til å auke kunnskapen om kva helsetilbod som vert gitt og nytta. Kunnskapen skal nyttast som grunnlag for forbetringsarbeid, for å sikre likeverdige tenester og unngå uønska variasjon. Vi har fått oppdraget frå Helse Vest RHF og Helse- og omsorgsdepartementet. Vi samarbeider med Helse Nord RHF og Helsedirektoratet. Helseatlasa vert publisert på www.helseatlas.no. Nasjonalt helseatlas har mange målgrupper, og arbeidet så langt har fått stor merksemd.

Stillinga(ne) er plassert i fag- og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon. Den tilsette blir del av helseatlas-teamet som består av fagpersonar med ulik bakgrunn: medisin, helsefag, statistikk, IKT og analyse. Teamet samarbeider nært og har felles diskusjonar. Samstundes krevst det sjølvstendig arbeid. Oppgåvene er knytt til dataanalyse, utgreiingar, skriving og kunnskapssøk, og formidlingsaktivitetar. Teamet samarbeider med andre tilgrensande fagmiljø i føretaket, regionalt og nasjonalt. Nettverksarbeid og kommunikasjon ut over eigen organisasjon er del av kvardagen.

Link til utlysing

Frå sikringsnål i nattskjorta til sensorteknologi

I dag vert framleis ein uglesett metode nytta for å hindra fall på sjukehus. No samarbeider Førde Sentralsjukehus og HVL om eit prosjekt for å erstatte sikringsnåla med sensorteknologi.

Metoden som har vore brukt til no, går ut på at ein festar ringeklokka til pasienten med ei sikringsnål i nattskjorta, slik at når pasienten reiser seg frå senga drar han i ringeklokka som varslar ein sjukepleiar om at pasienten er uroleg.

– Denne metoden er langt ifrå god nok til å hindre fall, seier seniorrådgjevar i Helse Førde Lasse Lesto.

Lesto er prosjektleiar for prosjektet «Eldrevennlege sjukehus – pasienttryggleik og verlferdsteknologi» som er eit samarbeidsprosjekt mellom ingeniør- og sjukepleiarmiljøet på HVL, campus Førde og Ortopedisk sengepost i Helse Førde. Prosjektet har fått samarbeidsmidlar frå HVL og såkornmidlar frå Helse Vest.

Førstelektor Toril Midtbø og høgskulelektor Astri Johanne Hagenes ved HVL bidreg inni prosjektet med rettleiing av studentar i prosjektet og undervisning på ortopedisk sengepost.

Testar andre løysingar

Prosjektet Lesto har satt i gang, skal sjå på korleis ein kan nytta moderne teknologiske løysingar for å hindra fall på sjukhuset. Dei skal innreie eit rom som er spesielt tilrettelagt for dei pasientane som er mest utsette for fall.

Når pasientane kjem inn til Ortopedisk avdeling på Førde sjukehus, vert det gjennomført ei risikovurdering. Der vurderer ein kor sannsynleg det er at pasienten kan få eit fall mens han er inne til behandling. Dette ser ein i samanheng med fysisk og kognitiv svikt og vanskar med å etterleve instruksjonar. Overfor desse pasientane må ein setta i verk ekstra tiltak. Det er dette prosjektet har som mål å utvikle.

Pasientrommet er innreia med ei lågt-gåande seng med sensorar på. Senga kan senkast ned til ti cm over golvet slik at eit eventuelt uynskja forsøk på å komma seg ut av senga ikkje fører til eit skadeleg fall ut av senga. Vanlege senger har sengehestar, men ein har erfart at desse ikkje fungerer, då pasientane prøver å komme seg over dei og dermed har lett for å ha eit uhell. Den nye senga har sensorar på begge sider, slik at sjukepleiaren som har ansvar for pasienten vert varsla på mobil om pasienten er uroleg og på veg ut av senga. Det er også installert eit kamera på rommet. Dette kan sende tidsavgrensa bilete av pasienten på rommet.

– Denne pasientgruppa brukar ofte lang tid på å roe seg og sovne. Då er det eit uromoment at helsepersonell går inn til pasienten med jamne mellomrom. Dette førar gjerne til at pasienten vaknar og igjen må bruke lang tid på å roe seg. Difor er det lurt at helsepersonell heller passar på ved hjelp av kamera, seier Lesto.

Varm teknologi

I tillegg skal rommet innreiast med skjerm som har ei analog klokke som fortel pasienten om det er dag eller natt. På denne skjermen kan ein også spela av roande musikk eller visa bilete som pasienten kjenner.

– Desse tekniske hjelpemiddela skal ikkje gi mindre tid til pasientane, eller ta vekk positiv kontakt med helsepersonell. Vi trur heller effekten blir motsett. Når vi nyttar utstyret på måtar som er tilpassa den enkelte pasienten, frigjer vi meir tid til omsorg, seier Lesto.

Haldninga til å ta i bruk moderne teknologi er positiv både hjå pasientar, pårørande, tilsette på avdelinga og leiinga i Helse Førde. Lesto fortel at det sjølvsagt er nokre som er skeptiske, og redde for at dei vert overvaka – noko han kan trygga dei om at dei ikkje vert. Prosjektet er avklart av både jurist og personvernombodet på sjukehuset.

Innovative studentar

Hausten 2017 arrangerte Lesto saman med Høgskulen innovasjonsdag for studentane på sjukepleie og ingeniør. Helse Førde si bestilling var tryggare pasientrom og ei betring av arbeidsmiljøet gjennom ny teknologi. Forslaga frå studentane skulle fungere teknisk, samstundes som dei sjukepleiefaglege aspekta måtte ivaretakast.

Lesto vart særleg imponert over forslaget til studentane om ein dusjstol. Den skal kunne plasserast under ein liggande pasient i senga, for så å rettast opp i ryggen til sittande og transportera pasienten til dusjen.

Vidareutdanningar i Sogn og Fjordane

Følgjande vidareutdanningar i Sogn og Fjordane innan helse- og sosialfag er utlyst med søknadsfrist 15. april 2018. Oppstart er hausten 2018: 

Aktiv omsorg – bevegelse, naturopplevingar og deltaking
I denne vidareutdanninga lærer du korleis du kan bidra til å fremje meistring, sosial deltaking og god helse i arbeid med ulike brukargrupper. Studiet passar for deg som jobbar innan helse- og sosialtenesta eller i barnehage og skule.

Akuttsjukepleie for kommunehelsetenesta
Jobbar du som sjukepleiar i kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta? Med denne vidareutdanninga utviklar du vurderings- og handlingskompetansen din knytt til pasientgrupper og enkeltindivid.

Innføring i rettleiing
Vil du auke rettleiingskompetansen din? I denne vidareutdanninga lærer du meir om rettleiingsfeltet, og korleis du kan bruke rettleiing i ulike arbeidssituasjonar.

Lindrande behandling, pleie og omsorg 2
Ønskjer du auka kunnskap og forståing om korleis det er å leve med alvorleg og uhelbredeleg sjukdom? I denne vidareutdanninga lærer du korleis du kan møte pasient og pårørande sine behov for lindring, omsorg og støtte, og korleis du kan bidra til kvalitetsutvikling av faget palliasjon der du jobbar.

Rusproblematikk og rusarbeid
Vil du vidareutvikle eigen profesjonalitet i arbeid med menneske med rusvanskar, eller er du leiar for slike tenester? Eller er du politikar eller sakshandsamar og ønskjer auka kunnskap om fagområdet? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg!

Teknologi i helse og omsorg
Innføring av omsorgsteknologi i helse- og omsorgstjenesten gir helsepersonell nye oppgaver. Det øker behovet for kompetanse slik at de kan ta kloke valg og informere om bruk av teknologi på nye måter.

Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Vil du å styrke kompetansen din i arbeid med menneske med psykiske lidingar og psykososiale vanskar?

– Alle studentar kan delta i forsking

Dette er konklusjonen til førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll og andre forskarar ved campus Førde. Studentane på fyrste året på bachelor i sjukepleie har registrert aktivitet i dagleg livet (ADL) hjå bebuarar i sjukeheimar. Prosjektet starta hausten 2015 og til no har om lag 300 studentar samla inn data frå pasientar på utvalte sjukeheimar i fylket.

Studentane har fått forståing for ulike deler av forskingprosessen og har under tett oppfølging av faglærarar og praksisfeltet bidratt til forsking. Studentane har henta inn informert samtykke hjå bebuarar i sjukeheim. I tillegg har dei samla data på bebuarane ved å registrere aktivitetar i dagleglivet (ADL) ved hjelp av kartleggingsskjemaet Barthel indeks. Studentane har også analysert data dei har samla inn og presentert dei på sjukeheimar.

–Det kan væra utfordrande å inkludera studentane i forsking. Samtidig som det er utfordrande er det givande å gi studentane læring gjennom å delta i forskingsprosjekt, motivera til fagleg utvikling og styrke evna til kritisk tenking. Seie førsteamanuensis Sandvoll

No har Sandvoll saman med andre forskarar publisert ein rapport på arbeidet.

– Me har gjort oss mange nyttige erfaringar som me håpar andre kan dra nytte av når dei skal involvera studentar i forsking. Seie førsteamanuensis Sandvoll

Rapporten finn du her!

Ny vitskapleg publikasjon

Kva vil det sei å bli betre frå psykiske helseproblem? Eit ungdomsperspektiv.

Målet med helsetenestene er å hjelpe menneske til å få det betre. Likevel snakkar vi sjeldan om kva betring faktisk er. Skal vi forstå betring som ein reduksjon av psykiske symptom, å ikkje lengre kvalifisere til ein psykiatrisk diagnose, eller er det kanskje meir enn det?

Denne studien baserer seg på intervju med 22 ungdommar frå ulike BUP-ar i Helse Førde og Helse Bergen. Dei fleste ungdommane hadde mange års erfaring som brukarar av ulike helse- og sosialtenester, som til dømes BUP, barnevern og skulehelsetenesta. Vi intervjua dei om kva det vil sei å «bli betre» når ein har psykiske helseutfordringar.

Funna frå studien viser at betring er langt meir enn symptomreduksjon åleine. Ungdommane vektla at betring først og fremst handla om å utvikle ein tryggare identitet og meir sjølvstendigheit. Betring handla om å forstå og mestre følelsane sine, å bli meir robust i møte nye utfordringar i livet, å opne seg i nære relasjonar og å få eit auka funksjonsnivå, både akademisk og sosialt. Særleg interessant var at ungdommane i stor grad var einig om at å bli betre ikkje handla om å bli «frisk». Dei erkjente at livet kom til å by dei på mange utfordringar. Men no, i kraft av å ha blitt betre, var dei i stand til å møte desse utfordringane med mestringstru:

Når eg tenkjer på betring så tenkjer eg ikkje at du liksom blir «blir frisk». Men kanskje heller at du lærer nye måtar å takle ting. Så eg tenkjer ikkje at «no skal eg bli frisk frå alle mine problem», og viss eg skulle ende opp med å ha det bra blir eg eigentleg positivt overraska. Men, som eg sa, eg skal lære å takle ting… betre enn eg gjer no (jente, 17 år).

Psykolog Kristina Osland Lavik

Når eg begynte i BUP så tenkte eg at då skulle alt bli bra. Men det er ikkje sånn livet er. Altså, du skal vere lei deg nokre gongar og du… du er ikkje lukkeleg heile tida. Senke forventningane litt og «det er okei å vere lei seg og det er greitt å grine» og alt det der. Men du må lære deg å leve med det (jente, 16 år).

Kristina Osland Lavik er psykolog ved Psykiatrisk Klinikk i Helse Førde og tilknytt Forskingsgruppa for psykisk helse og rus. Ho er i oppstarten av eit doktorgradsløp om terapeutiske relasjonar i psykoterapi.

Artikkelen finns i fulltekst her

Ny vitskapleg publikasjon

Kan sjølvrapportert helse i ungdomen predikere medikamentbruk i voksen alder?

Is self-rated health in adolescence a predictor of prescribed medication in adulthood? Findings from the Nord Trøndelag Health Study and the Norwegian Prescription Database

Sjølvrapportert helse (SRH), også kalla subjektiv eller sjølvopplevd helse, er eit mykje nytta helsemål som har vist klar samanheng med forbruk av helsetenester, seinare sjukdom og død. SRH er slik sett ein viktig helseindikator. Dei fleste studiar er midlertidig gjort på den eldre del av befolkninga og få har studert om SRH kan predikere spesifikke helseutfall over tid i den norske befolkning.

Formålet med denne studien var å undersøke i kva grad SRH i ungdomstida kan predikere bruk av legemidlar i tidlig voksen alder, basert på 18 år prospektive data frå 8982 ungdomar som deltok i Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT) i 1995–1997, og informasjon om reseptbelagde legemidlar i 2013–2014, henta frå Reseptregisteret.

Tina Løkke Vie

Kjønnsdelte analysar, justert for alder, sjølvrapportert medisinbruk, fysiske og mentale vanskar, røyking og fysisk aktivitet i ungdomen, viste eit klart dose–respons forhold for kvinner. Jo dårlegare SRH i ungdomen, dess høgare gjennomsnittleg legemiddelbruk i voksen alder, både når det gjaldt total forbruk og forbruk knytt til legemiddelgruppene: “Muskel og skjelett” , “Nervesystemet” og “Respirasjonsorgan”.

Slik kunnskap er viktig for å førebygge morbiditet i den vaksne befolkning. Resultata tyder på at helseoppleving og forventingar er viktig i utvikling av seinare sjukdom, samt at subjektivt vurdert helse er eit viktig mål på helse som også bør nyttast i framtida.

Tina Løkke Vie har doktorgrad i psykologi og er forskar og seniorrådgjevar i fag og utv.avd., Helse Førde. Ho er tilknytt forskingsgruppa for folkehelse, livsstil og overvekt, og underviser også i psykologi ved Høgskulen på Vestlandet, avd. Helsefag.

Lenke til artikkel finn du her

Registrering av vitskaplege publikasjonar i Cristin

Intern frist for registrering av vitskaplege publikasjonar frå 2017 er 1. februar 2018 hjå både Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Helse Førde (HF).

Dei som har publisert vitskaplege arbeid i 2017 må gå inn i Cristin og sjekka at alle dykkar publikasjonar er registrert og at posten er merka som «Regnes som vitenskapelig i rapportsamenheng».  Ver òg merksame på at namnet dykkar må vera blått (altså ei lenke) og at det må vera knytt til HVL eller HF (eventuelt anna tilknytting).

Tilsette som ikkje tidlegare har publisert vitskaplege arbeid kan oppdaga at dei ikkje er registrert i Cristin og må i så høve kontakta Cristin-hjelp (sjå under)

Sjå gjerne biblioteket til HVL si Cristin-side eller ta kontakt viss de har spørsmål eller treng hjelp til å registrera.

Kontaktinformasjon for: 

HVL-tilsette

Cristin-hjelp: lise.vik-haugen@hvl.no

HF-tilsette

Cristin-hjelp: taryn.malkhassian@helse-forde.no

Ny vitskapleg publikasjon

Ernæringskartlegginga i heimesjukepleien kan betrast.

Essayet handlar om utfordringane sjukepleiarane møter når dei skal vurdere ernæringstilstanden til eldre pasientar med heimesjukepleie. Halvparten av dei eldre med heimesjukepleie er underernærte eller står i fare for å bli det. Underernæring kan førebyggast ved å kartlegge ernæringstilstanden for tidleg å sette inn ernæringstiltak. Mange kommunar manglar standardisert praksis for ernæringskartlegging. For å lukkast må tenesteleiinga ta grep for å tilføre kunnskap om ernæring og kartleggingsverktøy, betre kartleggings- og dokumentasjonsrutinane, legge opp til ei tydeleg ansvarsfordeling i ernæringsarbeidet, og opprette tverrfaglege ressursgrupper. Ernæringsfysiologar har formell kompetanse i ernæring, og bør trekkast inn i det tverrfaglege samarbeidet i kommunehelsetenesta.

Høgskulelærar Bente Gunn Melheim

Bente Gunn Melheim er høgskulelektor ved Institutt for sjukepleieutdanning campus Førde ved Høgskulen på Vestlandet, og er knytt til forskingsgruppa Kvalitet og innovasjon i eldreomsorga. Arbeidet inngår i grunnlaget for førstelektorkvalifisering

Her finn du link til artikkelen

Søkerseminar i Bergen fra programmene BEDREHELSE, BEHANDLING og HELSEVEL

Det vil bli søknadsinformasjon om utlysningene fra programmene BEDREHELSE, BEHANDLING og HELSEVEL med søknadsfrist 25.04.2018, samt informasjon om programrelevante EU-topics med søknadsfrist i 2018 og 2019. Det vil også bli parallelle sesjoner med mulighet til spørsmål.

Påmelding med meir, her!

Beste poster i kategorien studentposter: «Eg kunne ikkje hatt det betre»

Studentane har gjort eit prosjekt i heimetenesta i Eikefjord. Dei fann ut at eldre som nytta seg av dagsenteret sitt tilbod er godt nøgd med kvardagen sin. Dei seie at dei kunne ikkje hatt det betre. Beste poster i kategorien studentposter: Sjukepleiarstudentane Miriam Andrea Aaberg, Kine Solheim, Marion Tyssedal Sundbotten og Maren Kristine Bjerke vann den gjeve prisen beste poster i kategorien studentposter, i samband med markeringa av Forskingsdagane. Rettleiar på arbeidet var Høgskulelektor Bente Gunn Melheim

Sjukepleiarstudentane: Miriam Andrea Aaberg, Kine Solheim, Marion Tyssedal Sundbotten og Maren Kristine Bjerke

Underernæring hjå eldre Studentane sjå på kva helsepersonellet i kommunehelsetenesta gjere for å førebyggja underernæring hjå eldre i omsorgsbustadar. Forsking viser at underernæring hjå eldre vert stadig meir utbreitt. I heimetenesta i Eikefjord vert ernæringstilstanden til eldre følgt opp med ein rekke førebyggjande tiltak. Tre dagar i veka kan bebuarar nytta seg av dagsenteret, der det i tillegg til aktivitetar vert servert felles frukost og middag. Helsepersonell fortel at pasientar som ikkje å deltar på dette er dei som ofte slit med underernæring. Pasientar som er undervektige eller i risiko for å utvikla underernæring vert følgt tett opp av heimetenesta. Det kan væra utfordrande å følgja opp pasientar som steller seg sjølv heime. Grunngjevinga frå juryen: Vinnaren i denne kategorien, har eit godt fagleg innhald og klart språk. Posteren har ei oversiktleg framstilling av både bakgrunn, framgangsmåte, funn og oppsummering. Problemstillinga kjem klart fram, og tekst og bilde illustrerer resultata på ein oversiktleg måte. Metoden er kvalitativ og funna viser korleis heimetenesta arbeider for å førebyggje underernæring hjå eldre i omsorgsbustadar. I juryen sat fagdirektør Hans Johan Breidablikk, Helse Førde, førsteamanuensis Ole Tormod Kleiven, HVL og førstelektor Aud Berit Fossøy, HVL.