Ny vitskapleg publikasjon!

Tid til fagleg oppdatering for sjukepleiarar i kommunehelsetenesta?

Sjukepleiarar i klinisk arbeid må kontinuerleg arbeide med å vere fagleg oppdaterte for å stette krava dei møter. Dei beskriv mange faktorar som påverkar dei i arbeidet med å halde seg fagleg oppdaterte – mellom anna fellesskap med kollegaer, refleksjonstid, tidspress, økonomiske faktorar og mangel på tilrettelegging frå leiarane. Dei må saman med leiaren sin planlegge arbeidsdagen slik at den faglege oppdateringa får ein naturleg plass. Leiarane har ei viktig rolle i å legge til rette for kompetanseutvikling.

Høgskulelektor Dagrun Kyrkjebø

Studien er ein del av NursComp prosjektet der ein har kartlagt fagleg kompetanse hos sjukepleiarar i Sogn og Fjordane. Forskingsprosjektet fangar opp både korleis sjukepleiarar, leiarar, pasientar og pårørande oppfattar kompetansen til sjukepleiarar i kommunehelsetenesta. Prosjektet er internt finansiert.

Dagrun Kyrkjebø er høgskulelektor og instituttleiar ved institutt for sjukepleieutdanning, campus Førde og er knytt til forskingsgruppa samhandling og kvalitet i helse- og sosialtenestene. Arbeidet inngår i grunnlaget for førstelektorkvalifisering.

Link til artikkel

Om demens, frå dei som sjølv er råka

Å jobbe for openheit kring demens er noko av det viktigaste helsepersonell kan gjere, seier Alv Orheim, som sjølv fekk diagnosen i 2009.

– Då eg endeleg aksepterte at eg leid av demens, var det mange brikkar som fell på plass, mykje eg forstod. Samtidig var det også mykje som raste saman. Eg hadde nett starta eige firma der eg heldt føredrag – det rauk for meg. Og så var det den delen av livet som handla om dei nære tinga. Først og fremst Berit.

Alv Orheim frå Fjærland skjelv litt i stemma når han seier akkurat dette. Han ser mot kona si, Berit Orheim, som følgjer med på føredraget. Gjennom dei åtte åra med sjukdommen, er det ho som har vore støtta hans og hjelpt han til å ha ein god kvardag – men det har også hatt sin pris for ekteparet. I dag er dei begge til stades for å fortelje om erfaringane sine for sjukepleiestudentar ved Førde Campus, HVL. I tillegg også Gerd Kleiven frå Sogndal, som mista mannen sin til demens i september, etter fem år med sjukdommen.

Alv Orheim fekk diagnosen demens i 2009. Sidan har kona Berit Orheim (t.v.) vore hans fremste støtte. Gerd Kleiven (t.h.) mista mannen sin Gunnar i haust, etter fem år med demenssjukdom. Foto: Katrine Sele

Vere med så lenge som mogleg

Kleiven og ekteparet Orheim var til stades i samband med eit dagsprogram på vidareutdanninga  ”Demens- og alderspsykiatri”. Det er ein modul i masteren ”Samhandling innan helse- og sosialtenester”. Temadagen handla om demens og pårørande til personar med demens. Førstelektor Merete Johnsen Dale hadde ansvar for dagen, og hadde invitert personar som er råka av demens og deira pårørande til å fortelje om sine erfaringar. Førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll var også med på arrangementet og begge deltok med innlegg. Dei held på med forsking kring erfaringar med ambulant verksemd frå Distrikspsykatrisk senter. Lege Gro Selås fortalde vidare om denne verksemda, medan høgskulelektorane Ingvild Hollekve og Terese Bjordal delte funn frå sine masteroppgåver.

I denne delen av studiet handlar det mykje om å lytte til stemmene frå dei som er råka – både pasientar og pårørande. Målet er at ulike profesjonar innan helse- og sosialtenester skal lære seg desse perspektiva, og kunne jobbe ut ifrå dei. Eit tema som er spesielt viktig er kommunikasjon og samhandling, der studiet legg vekt på det særskilte ansvaret som kviler på hjelparen, for å unngå å krenke pasienten og dei pårørande.

Alv Orheim hugsar tydeleg då han innsåg at han var sjuk:

– Eg kan tidfeste tid og stad då eg sa: Eg er dement. Sjølvsagt var det veldig fristande å seie: Nei, det er ingenting gale, eg er berre litt trøtt! Eg må berre kvile litt, så blir det rett neste gang.

Han er glad han ikkje gjorde det, men torde å innsjå situasjonen, og å vere open om sjukdommen overfor omverda. Det har gjort heile forskjellen, meiner Alv. Kona Berit gir han rett i det:

– Vi valte eit alminneleg liv. Eg syns det er trist med alle demenspasientar vi ikkje ser, som gøymer seg vekk og isolerer seg. Alv har delteke i så mykje: turgåing, seniordans, basar – til og med dugnad i sentrum der han bar stein og la stein, fortel ho.

– Slike aktivitetar har vore vår medisin. Så eg vil at alle skal vite at sjølv med demens kan du henge med og ha ei stemme og ein plass i samfunnet. Men dette hadde ikkje vore mogleg viss ikkje vi hadde vore opne om at Alv var sjuk.

Orda blei vanskelege å finne

Sidan Alv Orheim jobba med å skrive og halde føredrag, var det gjennom arbeidet med orda han først skjøna at noko var gale. På slutten av yrkeslivet hadde han planar om å skrive ei bok om geologi, særleg Svalbard-geologi, som han kan mykje om etter å ha jobba årevis der som geolog. Då oppdaga han at det blei veldig vanskeleg å finne ord, og å bli nøgd med setningane.

– Eg skreiv ei setning, og så skreiv eg fire til. Så gjekk eg tilbake til den første. Undra meg – skal eg bytte ut ordet ”bør” med ordet ”må”? Så blei eg liksom aldri ferdig med å skrive setninga. Eg gjekk tilbake og bytta om på orda fleire gonger. Sidan kunne gå og tenkje på den setninga resten av dagen, seier Alv.

– Dette er visst typisk for demens – du greier ikkje å sleppe eit tema og legge det bak deg, bli ferdig med det. Gløyminga er årsaka.

Det at korttidsminnet blei veldig dårleg, gjorde også at han byrja å gjenta seg svært mykje. Når han heldt føredrag, var han alltid livande redd for at han hadde gløymt å si noko. Difor passa han på å seie det ein gong til. Og ein gong til. Og ein gong til.

– Alltid brukte eg å få veldig gode tilbakemeldingar på føredraga mine. Men no byrja folk forsiktig å seie – dette blei litt kjedeleg å høyre på, Alv. Du sa berre det same igjen og igjen.

Evig dårleg samvit

Alv og Berit Orheim kjenner at det er trygt og godt å leve i ei lita bygd som Fjærland, der alle kjenner dei og passar på. Viss Alv er ute og går tur, og tek feil retning, veit dei at folk veit kva som er fatt. Då kan dei stoppe han og seie kva veg han må gå for å komme heim.

Likevel har det vore mange vanskelege overgangar. Å bu heime er ikkje berre, berre, og samstundes prøve å fungere tilnærma normalt. Heile tida er det ei testing av grenser, ei utforsking av kva som er mogleg for han å gjere, og kva som ikkje er det. Ofte blir han usikker.

– Eg hugsar godt første gongen eg var barnevakt etter eg fekk diagnosen. Eg skulle passe det eldste barnebarnet mitt. Då lurte eg på kva som kom til å skje. Ville eg gløyme namnet hans? Og kva om han vakna midt på natta og spurde kor mamma var, og eg ikkje kunne svare?

For Berit er det ei utfordring ho må jobbe med kvar dag: tolmodet. Ho lever med ein mann som puttar ting på feil plass, gjer rare og uføreseielege feil stadig vekk, og gjentek ting i det uendelege. Han kan spørje om det er noko på programmet den dagen. Sjølv om ho svarer så tydeleg som mogleg og ser han inn i auga, veit ho at det same spørsmålet vil komme igjen. Og igjen. Og igjen.

– Eg må innrømme at eg ikkje alltid er like tålmodig, snill og overberande. Det blir gnissingar.  Eg veit ikkje korleis eg skal få ting til å gå inn – eg har inga oppskrift på det, har prøvd så mykje forskjellig, utan at det hjelpte. Av og til, etter eg har høyrt det same spørsmålet sju gonger, kan det vere det kjem eit lite sukk, ei stramming i skuldrane – det er så vanskeleg å unngå! Og så blir han redd og lei seg, seier Berit.

– Eg tenkjer og tenkjer på korleis eg skal unngå å leggje stein til byrda for Alv, men det er ikkje lett. Som pårørande har vi alltid dårleg samvit. Vi strekk aldri til.

På veg mot sjøkanten, med ski

Gerd Kleiven frå Sogndal snakkar med stor varme om samlivet med ektefellen Gunnar. Ho trudde ho var førebudd då han døydde i september, men det var ho ikkje. Kvar dag saknar ho handa å halde i, og det gode smilet – sjølv om dei siste fem åra var uhyre vanskelege for dei.

Ho fortel om netter då ho måtte stå opp fordi den tidlegare ingeniøren og handymannen hadde vakna, funne fram verktøyet sitt og gjekk rundt i huset og skrudde på brytarar som slett ikkje var øydelagde. Men det blei dei, etter hans nattlege reparasjonar. Ein gong var han i ferd med å klatre ut vindauget for å gå på treningssenteret. Då han laga mat, noko han likte å gjere, måtte ho følgje med med argusauge, for alt mogleg kunne gå gale. Ho kunne aldri kvile meir, i lag med han.

– Ein dag forsvann han frå huset, og eg og sonen min leitte overalt. Då ringde nokon til meg og sa: Gunnar er på veg ned til sjøkanten med ski under armen, hugsar Gerd.

– Då vi køyrde ned og fann han, hadde han snudd og skjøna at noko var feil, han var på veg tilbake. Eg gjekk ut av bilen. Han kom mot meg, gav meg ein klem, og såg så trist ut. ”Unnskyld, Gerd,” sa han.

Ved det minnet får ho tårer i auga. Mannen ho møtte på dansegolvet i 1962, fann ikkje lenger ut av heilt kvardagslege ting. I dette glimtet hadde også han skjøna alt dei to var i ferd med å miste. For henne har sorga over tapet trekt ut over mange år. Han forsvann sakte for henne mens han enno levde.

Det helsevesenet og vi alle kan gjere

I dag er ekteparet Orheim og Gerd Kleiven alle tre ressurspersonar innan demens. Alv og Berit sit i eit europeisk erfaringspanel og bidreg til kunnskap om sjukdommen i internasjonal samanheng. Gerd har teke på seg rolla som likeperson – det vil seie at ho støttar andre pårørande som går gjennom det same.

Sjølv fekk ho to råd stadig vekk: at ho måtte ta vare på seg sjølv, og at ho ikkje måtte kvi seg for å be om hjelp. Men begge råda var svært vanskelege å følgje. Korleis skulle ho ha tid til å ta vare på seg sjølv, når alle kreftene blei brukt på å støtte mannen? Og korleis skulle ho orke å be om hjelp?

– Det skjedde så mykje frykteleg, ting eg ikkje kunne snakke om med nokon. Eg hadde ikkje lyst til å vise fram korleis det var innanfor heimens fire veggar. Det var ei kjensle av skam. Og så ville eg vere lojal mot Gunnar – beskytte verdigheita hans.

Både Gerd Kleiven og Berit Orheim etterlyser ei meir aktiv oppfølging frå det kommunale helsevesenet. Å vite at nokon stadig tek kontakt og høyrer korleis det går, ville gi mykje tryggleik. Ikkje minst ber dei om at pårørande blir anerkjende for den store jobben dei må gjere, i dei tilfella der den demente pasienten bur heime.

– Det er jo ein diagnose som i siste instans er dødeleg. Og ingen spør korleis det går, verken med Alv eller meg. Det ville vere veldig godt om den telefonen kom ein gong iblant, seier Berit.

– Dei snakkar om at pasientar skal vere heime så lenge som mogleg. Men vi blir jo utslitne av det, seier Gerd.

Den siste tida budde mannen hennar på skjerma avdeling på sjukeheimen i Sogndal. Framleis gjekk dei ofte tur. I den fasen var det mange venner som ikkje greidde å ha kontakt med Gunnar lenger, og det skjønar ho godt. Samstundes oppfordrar ho alle til å halde fram med å behandle ein person med demens som det mennesket han framleis er:

– Viss nokon tok Gunnar på skuldra og sa hei då vi var ute på tur saman, lyste han opp. Det er ikkje sikkert han kjente dei igjen. Men han kjente kanskje stemma.

Skreve av Katrine Sele

Disse maskinene har potensial til å revolusjonere helsen din

Kraftig MR og programvare utviklet for oljeindustrien kan stille diagnose på 15 minutter.

I en ikke altfor fjern fremtid kan mange sykdomsdiagnoser stilles på minutter. Det blant annet takket være det norske Fjordomics-prosjektet, som tar i bruk teknologi på nye måter. Fjordomics-prosjektet, er eit samarbeid med mellom anna Helse Førde og HVL, campus Førde

De analyserer små mengder blod, får ut profiler av hundretusenvis av variabler, og analyserer så disse for å komme frem til et resultat. Resultatet kan gi indikasjoner til videre behandling.

Les heile saken her!

Ny vitskapleg publikasjon!

Korleis kan vi skape gode hjelperelasjonar?

«The first sessions of psychotherapy: A qualitative meta-analysis of alliance formation processes»

Fleire tiår med forsking viser at relasjonen mellom terapeut og pasient er avgjerande for å lukkast med psykologisk behandling.  Likevel veit vi endå lite om kva som skapar desse gode hjelperelasjonane, og kunnskap om relasjonsbygging kan potensielt hjelpe terapeutar å leggje til rette for både effektive og meiningsfulle behandlingsløp i psykisk helsevern.

I denne studien har vi systematisk re-analysert all tilgjengelig kvalitativ forsking på kva som byggjer gode terapeutiske relasjonar. Basert på totalt 15 studiar fann vi at terapeutar som balanserer sin profesjonelle kompetanse med ei varm innleving skapar gode relasjonar. Dei kan gjere dette gjennom å vere engasjerte, vise at dei forsøker å forstå, nytte humor og ved å vere personleg. Like viktig blir det å lage rom for ei aktiv og medverkande pasientrolle. Våre funn viser korleis det å opne seg opp for ein framand og engasjere seg i ein psykologisk endringsprosess kan vere sårbart. Dermed blir ein trygg, god og gjensidig relasjon viktig for at det psykologiske endringsarbeidet skal kunne ta form.

Psykolog Kristina Osland Lavik

På denne måten gir studien viktige implikasjonar for praksis i ei tid der effektivitet og produksjon er i fokus, også i psykisk helsevern. Den kan vise korleis psykologisk behandling skjer i møtet mellom to menneske, der det å kjenne seg trygg, aktiv og medverkande skapar grunnlaget for eit gjensidig og konstruktivt terapeutisk samarbeid.

Kristina Osland Lavik er psykolog ved Psykiatrisk Klinikk i Helse Førde og tilknytt Forskingsgruppa for psykisk helse og rus. Ho er i oppstarten av eit doktorgradsløp om terapeutiske relasjonar i psykoterapi.

Lenke til artikkel finn du her!

 

Ny vitskapleg publikasjon!

«Førdemodellen» – sjukepleiarstudentar og legestudentar arbeider saman om pasientar

Studentar som har praksis ved medisinsk sengepost i Helse Førde samarbeider i tverrprofesjonelle studentteam. Studentane får ansvar for å planlegge og gjennomføre utgreiing, pleie og behandling for pasientar med uklar/ kompleks tilstand (Førdemodellen). Artikkelen syner at eit slikt samarbeid gjer at studentane vert tryggare på den andre profesjonen sine oppgåver. Tverrprofesjonelt samarbeid (TPS) kan medverke til at studentane oppfattar kvarandre som likeverdige partar og at dei utfyller kvarandre i arbeidet med pasienten. Førdemodellen har overføringsverdi til andre profesjonsstudentar og andre praksisarena.

Irene Aasen Andersen er knytt til forskingsgruppa Pedagogisk forum, og arbeidet inngår i grunnlaget for førstelektorkvalifisering. Andersen er tilsett som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde.

Lenke til artikkel:  «Lege- og sjukepleiestudentar sine opplevingar av tverrprofesjonell samarbeidslæring i spesialisthelsetenesta: ein kvalitativ studie»

 

 

To ledige stillingar i Helse Førde

Forsking – Stipendiatstilling innan stomisjukepleie – Forsking og innovasjon – Søknadsfrist 22.11.2017

  • Helse Førde, Kirurgisk klinikk, har frå 01.02.2018 ledig ei midlertidig stilling for doktorgradsstipendiat for ein periode på tre år på fulltid eller fire år i 75% stilling. Stipendiaten blir del av forskingsgruppa »Folkehelse, livsstil og overvekt». Prosjektleiar og hovudrettleiar er professor John Roger Andersen. Stipendiatstillinga er knytt til prosjektet «Rutinemåling av tilpassing til å leve med stomi saman med eit klinisk tilbakemeldingssystem i poliklinisk oppfylging av stomiopererte; vil det fremje tilpassinga til å leve med stomi?».

Forskingsmedarbeider – Prosjektkoordinator for Prosjektet NORSE (deltid, 50 %) – Forsking og innovasjon – Søknadsfrist 01.12.2017

  • Helse Førde har fått midlar frå Norges Forskningsråd til prosjektet «NORSE: Building bridges between psyche and soma through personalized and dynamic mental health systems». NORSE er eit elektronisk tilbakemeldingssystem med mål å tilpasse behandlinga betre til den enkelte sine ressursar og vanskar. NORSE skal i perioden 2017-2021 vidareutviklast innan tre område: I psykisk helsevern, ved oppfølging etter fedmekirurgi og i primærhelsetenesta. Prosjektet omfattar fleire pågåande doktorgradsprosjekt, og den siste tildelinga frå Forskningsrådet inneheld yttarlegare post.doc-stilling og seniorforskartid i forplikta nasjonale og internasjonale samarbeid.

Ny vitskapleg publikasjon!

Fall i sjukeheim. Manglande samsvar mellom kriterier for dokumentasjon og dokumentasjonspraksis

Om lag ein tredjedel av eldre i sjukeheim fell årleg. Berre 10,6 prosent av falla som var studerte her, var dokumenterte i tråd med sjukeheimane sine eigne dokumentasjonskriterier. Det var signifikante variasjonar i dokumentasjonspraksis mellom sjukeheimane i studien, og brotskader var assosiert med utfylling av skaderegistreringsskjema.

Resultata viser såleis at sjukeheimane ikkje følgjer sine eigne dokumentasjonskriterier ved fall, og at brotskader var assosiert med riktig dokumentasjonspraksis.

Dette indikerer at det er behov for opplæring, repetisjon av kriterier og rutinar og tilbakemelding på korleis rutinane vert overhaldne, i tillegg til ein heilskapleg implementeringsprosess.

Sissel Hjelle Øygard er høgskulelektor ved HVL, institutt for sjukepleie, campus Førde og medlem i forskargruppa Kvalitet og innovasjon i eldreomsorga.

Link til publikasjonen finn du her!

Høgskulelektor Sissel Hjelle Øygard

Godt møtepunkt for betre brukarmedverknad

Korleis kan me utvikle og integrere brukarmedverknad best mogleg i forsking?

I midten av september gjekk konferansen «Møtepunkt for medverknad i forsking innan psykisk helse» av stabelen i Loen. Konferansen var støtta av UH-nett Vest – og i spissen for konferansen stod Christian Moltu som er fagsjef i Helse Førde og professor II ved HVL.

I 2015 fekk forskargruppa hans midlar til å bygga opp eit kompetansemiljø og sterkare samarbeid mellom alle institusjonane i UH-nett Vest innan medverknad i forsking i psykisk helse.

Eit av måla var å posisjonere regionen for utlysingar av forskingsmidlar på prosjekt med aktiv brukarmedverknad, og ikkje minst etablere eit møtepunkt for medforskarar og forskarar i medforskingsprosjekt i UH-nett Vest.

60 fagpersonar møtte på konferansen. Moltu fortel om utbytterike dagar.

– Brukarmedverknad er eit svært sentralt og viktig tema innan dagens helseforskingsdiskurs.

– HelseOmsorg21, den nasjonale helseforskingsstrategien, set brukarmedverknad i forsking opp som prioritert punkt. Dette reflekterast også i måten forskingsfinansieringsorganisasjonar utviklar utlysingar og søknadsskjema.

– Brukarmedverknad i forsking er gjort til eit eksplisitt krav, og prosjekt utan dette må grunngi det eksplisitt. Men korleis gjer ein dette på ein god måte metodisk? Det er noko av det me ønskte å få fram.

Han fortset:

– Når føringar set brukarmedverknad i forsking høgast på dagsorden, slik som HelseOmsorg21 gjer, så kan dette gi grunn til å glede seg for dei som jobbar med dette.

– Men der er ein ulv i myra: Når alle helseforskarar må inkludere brukarar i prosjekta sine, så er det ein risiko for at dette vert gjort metodisk ulurt for dei som ikkje har særskilt interesse for denne metodikken. Ei slik utvikling vil kunne føre både til at brukarressursar vert brukt til inga god nytte, at kvaliteten ikkje vert god, og at brukarmedverknad i forsking kan miste sitt gode namn og rykte. Det synes difor ekstra viktig no, at forskarar og medforskarar som har jobba grundig med metodikken møtast for å utvikle denne vidare.

Moltu seier at støtta og koplinga til UH-nett Vest er viktig:

– Me fekk god støtte til planlegging, gjennomføring og etterarbeid med konferansen. I regionen frå Volda i nord til Stavanger i sør har vi fleire forskingsmiljø som over tid har jobba grundig med medforsking og brukar- og pårørandemedverknad i forsking.

– I kvar av høgskulane i regionen, ved universiteta, og i alle dei fire helseføretaka, finnast sterke miljø med erfaring frå dette feltet. Studiar av mellom anna recovery, pårørandeerfaringar, helsetenesteforsking, behandlingsforsking og metodeutvikling, har vorte gjennomført og formidla i gode tidsskrift.

– Psykisk helse-feltet har ein sterk tradisjon på Vestlandet her. Men konferansen var ikkje avgrensa til dette feltet. Deltakarar frå forskingsprosjekt i somatiske helsekontekstar tok også del.

Moltu fortel at arbeidsgruppa ikkje vil vere ei vedvarande arbeidsgruppe/prosjektgruppe, men går inn i allereie eksisterande nettverk, slik som til dømes PsykNettVest.

– Konferansen etablerte like fullt møtepunkt mellom ulike prosjekt, også med nasjonal deltaking, for vidare konkrete samarbeid.

– Som eit resultat av konferansen vil det bli utvikla ein rapport og ein vitskapleg artikkel om metodeutviklinga, som ei følgje av datainnsamling som gjekk føre seg mellom forskarar og medforskarar som deltok på konferansen.

Marius Veseth innleiar til tankar og dikusjon om «Medforsking: Kvifor?»

Komiteen frå venstre: Dorte Gytri, Marit Solheim, Åse Skjølberg, Bente Hasle og Christian Moltu. Desse var ikkje tilstades: Målfrid J. Frahm Jensen og Marius Veseth.
– Om lag 60 personar som alle har erfaring med brukarmedverknadsmetodikk i forsking, anten som tradisjonelle forskarar eller som medforskarar med brukarerfaring, tok del på konferansen. Konferanse hadde eit program som både hadde tradisjonelle presentasjonar av prosjekt, hadde metode- og perspektivinnlegg, og aktive arbeidsøkter for å klargjere metodiske perspektiv. Målet er å utvikle deltakande forskingsmodellar metodisk, og komme vidare frå festtalar, seier Christian Moltu.

Etter dei paralllellesesjonane var det tid for spørsmål får salen. Fleire nytta anledninga

Saken er henta frå UH-nettvest

Kvalitetsprisen 2017 til Kirsten Lerum Indrebø

Stomisjukepleiar Kirsten Lerum Indrebø vart tildelt Kvalitetsprisen 2017 for sitt systematiske arbeidmed forbetring av kvaliteten på tenestene til stomiopererte pasientar.

​Juryen fekk i år inn fem framlegg til verdige kandidatar, to av dei føreslegne to gonger.

SYSTEMATISK FORBEDRINGSARBEID GJENNOM 25 ÅR: Kirsten Lerum Indrebø (i midten) saman med kst. administrerande direktør Børge Tvedt og utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven. På Kvalitetskonferansen torsdag delte Tvedt ut prisen og heldt talen du kan lese under.

Kirsten Lerum Indrebø har vore tilsett i kirurgisk avdeling sidan ho blei utdanna sjukepleiar i 1982.
Vinnaren har arbeidd systematisk med forbetring av kvaliteten på tenestene til pasientar med stomi i om lag 25 år. Ho har auka den teoretiske kompetansen sin på området parallelt med praktisk arbeid.

Kirsten har blant anna
• teke master i sjukepleievitenskap med ei oppgåve som innebar å omsetje eit skjema frå engelsk til norsk og teste ut dette på stomiopererte i Norge.
• i mange år undervist i sjukepleie til stomiopererte ved sjukepleieskulen i Førde og ved vidareutdanninga i stomisjukepleie i Bergen.
• vore deltidstilsett ved Førde Medikal for rettleiing av stomiopererte i Sogn og Fjordane
• vore førelesar på mange ulike nasjonale kongressar og seminar
• hatt ein munnleg posterpresentasjon på verdskongressen i stomi m.m. i Sør Afrika i 2016
• vore medforfattar på fleire lærebøker
• gitt ut ei rekkje fagartiklar i nasjonale og internasjonale fagblad
• vore prosjektleiar/deltakar i mange ulike prosjekt i Helse Førde og Helse Vest
• vore leiar for NSF si nasjonale faggruppe av sjukepleiarar i stomiomsorg

I det siste har ho leia arbeidet med å utvikle ein metode for måling av meistring, helse og livskvalitet hos pasientar med stomi. Datainnsamlinga blir gjort elektronisk, og er teken i bruk på stomipoliklinikken ved FSS. Målet er betre persontilpassa rettleiing og betre meistring av å leve med stomi. I 2017 har prosjektet fått tildelt 2,1 million kroner frå NSF som skal nyttast til ei PhD-stilling.

Kirsten er nominert av to ulike forslagstillarar. Den eine legg mest vekt på omsorga, den andre på kompetansen.
Kirsten er hardtarbeidande, målbevisst og dyktig. Ho er eit førebilete for alle tilsette i Helse Førde. Ho har vist korleis ein kan bygge bru mellom klinikk og forsking på ein måte som er til nytte både for pasientane og sjukehuset. Ho er flink til å søkje eksterne midlar, og har fått store eksterne inntekter til Helse Førde.
Kirsten er ein veldig positiv kollega. Ho stiller gjerne opp på fritida for å hjelpe pasientar om nokon treng det. Pasientane kjenner seg sett og får fantastisk god hjelp av Kirsten. Kollegaene får gode råd og ho deler raust av sin kompetanse på området.
Kirsten arbeider i dag to dagar i veka på kirurgisk poliklinikk med oppfølging av pasientar som har stomi, gastrostomi og inkontinens. Resten av veka arbeider ho på sengeposten.

Prisen er eit kunstverk av kunstnaren Jertrud Eikås Eide. Kunstnaren er frå Stårheim i Eid kommune, og bur i Bergen. Ho driv Art Galleri. Dette er eit kunstverk med bilde av fyrstikkpikene som har tittelen: «Never walk alone». Her ser vi at fyrstikkpikene heng saman, og godteriskåla er full. Slik kan dette og vere eit bilde på arbeidet Kirsten gjer med pasientane. Kirsten er med pasientane heile vegen, pasientane skal sleppe å gå vegen åleine. Ho prøver å rettleie og hjelpe slik at dei skal meistre den nye situasjonen på best mogleg måte. Dette er draumen for oss alle, at når vi ein dag treng hjelp, så er der ei eldsjel som stiller opp og hjelper oss fram. Draumen er å sleppe å gå åleine. Kirsten er der for stomiopererte som treng det i Sogn og Fjordane.

Vi gratulerer med prisen!

Saken er henta frå Helse Førde

​​​​

Streven etter verdig omsorg

Frå venstre: Førstelektor Gro Hovland, Berit Ullebust frå Utviklingssenteret Sogn og Fjordane, Professor Maj-Britt Råholm og Høgskulelektor Bente Egge Søvde,

Pårørande opplevde at kompetansen til helsearbeidarar i heimesjukepleia og på sjukeheimar er varierande. Dette er utfordrande, då pårørande er avhengig av å kunne stole på tenesta dei får. Desse funna kom fram gjennom at forskarar ved HVL, campus Førde gjennomførte intervju med pårørande til pasientar i heimesjukepleia og på sjukeheimar.

I september deltok Professor Maj-Britt Råholm, Høgskulelektor Bente Egge Søvde, Førstelektor Gro Hovland frå HVL og Berit Ullebust frå Utviklingssenteret Sogn og Fjordane på konferansen «International ethics in care conference» i Belgia. Der presenterte dei funna i delstudie i NursComp, dette arbeidet skal munne ut ein artikkel.

Vidare viser forskinga deira at helsearbeiderar har mangelfull relasjonskompetanse. Med andre ord, det var manglande tillit og tryggleik i samspelet mellom pasient, pårørande og helsearbeidar. Dette er utfordrande for dei pårørande. Pårørande opplevde hendingar som dei meinte var uverdige, samstundes som dei såg at helsearbeidaren gjorde så godt dei kunne.

Pårørande synest det er vanskeleg å klage på tenesta dei får, då dei er heilt avhengig av den. Dei ser også at det er lite resursar tilgjengeleg og dermed vanskeleg å krevja det dei meiner er tilfredsstillande tenester. Vidare såg dei at nokre helsearbeidar får det til. Det dei opplevde var at dei som fekk det til hadde tilstrekkeleg helsefagleg kompetanse, samtidig som dei hadde relasjonskompetanse.

Innlegget på konferanse er eit produkt av samarbeid mellom Utviklingssenteret i Sogn og Fjordane og HVL. Forskingsprosjektet NursComp skal gjere ei kartlegging av fagleg kompetanse hjå sjukepleiarar i Sogn og Fjordane. Studien fangar opp både korleis sjukepleiarar, leiarar, pasientar og pårørande oppfattar kompetansen til sjukepleiarar i eldreomsorga.

Bente Egge Søvde fortel at det var spennande å delta på internasjonal konferanse, her fekk ein innblikk i korleis heimesjukepleietenesta var organisert i andre land. Søvde, trek særleg fram presentasjonen til Fateme Goudarzi frå Iran, der er heimesjukepleietenesta heilt fråverande og det er familien, som overtar ansvaret for dei eldre i familien. Både Hovland og Egge Søvde synest det var særleg positivt at det på konferanse var det lagt til rette for deling av erfaringar og gode diskusjonar.