Forskingspris til Førde-miljø

ohn Roger Andersen og Christian Moltu har saman bygd opp eit sterkt forskingsmiljø ved Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet innan persontilpassa helsetenester. For dette har dei vunne hovudprisen på Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap sin årlege forskingskonferanse. (Foto: Mauricio Esteban Pavez Ramirez/HVL).

John Roger Andersen og Christian Moltu vann hovudprisen på Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap sin årlege forskingskonferanse. (Foto: Mauricio Esteban Pavez Ramirez/HVL).

John Roger Andersen og  Christian Moltu har saman bygt opp eit sterkt tverrfagleg forskingsmiljø ved HVL og Helse Førde innan persontilpassa helsetenester. Miljøet har vakse fram i samarbeid mellom forskingsgruppene Folkehelse, livsstil og overvekt og Psykisk helse og rus.

– Miljøet har i mange år samarbeidd på tvers av fagfelt og sektorar, med ulike deler av spesialisthelsetenesta og kommunar, og nasjonalt og internasjonalt. Det er tydeleg brukar- og tenesteinvolvering i prosjekta og forskinga bidreg til å kome forbi eit kunstig skilje mellom det psykiske og det kroppslege, skriv juryen i si grunngjeving.

– Denne prisen er ei svært hyggeleg anerkjenning av det arbeidet alle dei involverte har lagt ned gjennom dei seinare åra. Spesielt er det fint å få vise fram det svært aktive miljøet som arbeider i skjeringspunktet mellom HVL og Helse Førde, og den nytta vi har av nettopp dette samarbeidet ved Campus Førde. Vi opplevde tidleg at det mest spennande skjedde i samarbeidet mellom dei to forskargruppene, heller enn åtskilt i kvar av gruppene, seier Moltu og Andersen etter å ha motteke prisen.

Ny forskingsgruppe frå 2023

Frå januar 2023 er forskingsgruppene Folkehelse, livsstil og overvekt og Psykisk helse og rus lagt ned og erstatta av ei forskingsgruppe for persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK). Denne gruppa er også eit samarbeid mellom HVL og Helse Førde.

PERSONFORSK er ei vidareutvikling av forskingsmiljøet, og har som hovudmål å bidra med forsking av høg internasjonal kvalitet som fører til betre og meir persontilpassa helsetenester. Dei skal ha særleg ha fokus på helsehjelp der samanhengen mellom det psykiske, somatiske og det sosiale er viktig.

Kjelde: Høgskulen på Vestlandet. Her kan du lese meir

Millionar til forsking i mindre helseføretak

​​​

Christian Moltu (bilde) er ein av tre forskarar som har fått midlar frå Helse Vest til forskingsprosjekt i mindre helseføretak.

Moltu fekk midlar til prosjektet «Personalized and data-driven specialty care. Health service research based on patient data in routine practice». Prosjektet er ei vidareutvikling av Norce Feedback-programmet som Helse Førde har satsa på i psykisk helsevern.

Prosjektet handlar om å involvere pasienten i datainnsamling før konsultasjonar, analysere desse data umiddelbart etter forskingsbaserte algoritmer, og gjere ein klinisk rapport tilgjengeleg for behandlar til konsultasjonen, slik at denne vert relevant og tilpassa helsebehovet til pasienten.

Dei to andre forskarane er Bjørn Egil Vikse frå Helse Fonna og Lasse Melvær Giil frå Haraldsplass. Vikse skal sjå nærare på samanheng mellom låg fødselsvekt og høgt blodtrykk. Giil skal forske på risiko for å utvikle demens.

​Dei seinare åra har forskingsmiljø på Vestlandet vokst seg større og sterkare, med forskingsprosjekt i verdsklasse. For å nå måla i mellom anna Helse Vest sin forsking- og innovasjonsstrategi, er det svært viktig at også mindre forskingsmiljø utanfor universitetssjukehusa aukar forskingsaktiviteten.

Å nå sentrale forskingsmål i tida framover, vil krevje auka aktivitet i heile regionen​. I alt deler Helse Vest ut 15 millionar kroner som vil sikre forskingsprosjekt av høg kvalitet i mindre helseføretak. Les meir om saka på Helse Vest sine internettsider.

Forfatter: Terje Ulvedal