Eli Natvik har fått opprykk til professor
Eli Natvik fekk nylig opprykk til professor i helsefremjande og førebyggande arbeid. Natvik er opptatt av å fremme helse og livskvalitet hos pasientar, og av samspelet mellom menneske og teknologi, for å sikre gode helsetjenester til framtidige generasjonar. Helseforsking Sogn og Fjordane gratulerer Eli med opprykket til professor!
Alexandra Reksten Tufteland, seniorrådgjevar i Avdeling for kommunikasjon ved Høgskulen på Vestlandet, har intervjua Eli om hennar interesse for forsking.
Korleis starta forskarkarriera di?
Svar: Startskotet var møta med personar som sleit med vekt- og helseproblematikk som kom til Helse Førde for fedmekirurgi, der eg som fysioterapeut var ein del av teamet rundt pasienten tidleg på 2000-talet. Eg lurte på kva behandlinga ville innebere for pasientane sine liv på lang sikt, utover lågare vekt. Dette fordjupa eg meg i gjennom master- og doktorgrad ved Universitetet i Bergen (UiB). Sidan har eg vore engasjert i å utvikle klinikknære forskingsprosjekt og samarbeid med brukarar, for at personar som lever med vekt- og helseproblem skal oppleve hjelpsame helsetenester og betre sjansar til å leve gode liv.
Forskingskarrieren starta med god rettleiing frå forskingsmiljøa ved Seksjon for fysioterapivitskap (UiB) og Helseforsking Sogn og Fjordane. Då eg oppnådde finansiering til doktorgradsprosjektet mitt frå Fysiofondet, kunne eg satse på forsking, som eg hadde veldig lyst til.
Kan du trekkje fram eit forskingsprosjekt som du jobbar med no?
Svar: Då vel eg det nystarta NFR-finansierte forskings- og innovasjonsprosjektet Norse Impact – Continuous digital care in mental health (Norse Impact), som er leia av kollega Christian Moltu.
Eg leier arbeidspakken som skal utvikle, støtte og forske på prosessar for ansvarleg og etisk innovasjon. Fleire forskarar ved FHS bidreg til arbeidspakken, og vi er i gang med å bygge nye samarbeid nasjonalt. Prosjektet er eit høgdepunkt i mi karriere, fordi innovasjonsforsking er ei utviding av mine felt, samtidig som eg bygger meir kompetanse innan psykisk helse, brukarmedverknad og samhandling.
Dersom du fekk uavgrensa med tid og midlar – kva ville du ha forska på då?
Svar: Då ville eg ha bygd meir mangfaldig forsking og innovasjon som støttar samspelet mellom menneske og teknologi, for å fremme helse og solide helsetenester for generasjonane som kjem. Forskinga skulle vore utprega tverrfagleg og deltakande. Eg ville utvikla prosjekt saman med aktørar frå kunst- og kulturfeltet, i tillegg til dagens og framtidas brukarar og interessentar.