Er du på jakt etter ei spennande stipendiatstilling?
Gjennom Høgskulen på Vestlandet utlyser PERSONFORSK ei stipendiatstilling knytt til alkoholbruksliding hjå pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi, med hovudmål å bidra med forsking av høg kvalitet som fører til meir persontilpassa helsetenester.
Stipendiatstillinga inngår i prosjektet Førebygging og handtering av alkoholbruksliding hos pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi.
Stillinga vil inngå i ein tidsramme på tre år, alternativt 4 år, der 25% inneheld pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrativt arbeid.
PERSONFORSK har eit breitt fagmiljø i Noreg og internasjonalt, med fokus på helsehjelp der samanhengen mellom psykiske, somatiske, sosiale ressursar eller vanskar er avgjørande.
Høyrest dette interessant ut, så gjerne ta ein nærmare titt på stillingsutlysinga nedanfor:
PhD-stilling knytt til alkoholbruksliding hjå pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi