Et fisk, gå tur og bli frisk

Forsking i Helse Førde forklarar kvifor du kan leve lenger ved å ta tran og ete sild.

Ved å analysere tusenvis av blodprøver dokumenterer Tarja og Olav Kvalheim korleis omega-3-feittsyrer er kopla til produksjonen av gode kolestrolpartiklar som transporterer feittsyrene rundt i kroppen. Tidlegare er det ført prov for at det å gå på tur har ein tilsvarande effekt.

 Lev lenge

– Ved å gå tur og ete fisk kan du påverke din eigen levealder med ti-tolv år, seier Olav Kvalheim til Firda som i dag har eit oppslag om forskinga til ekteparet.

Dei to professorane, som begge er knytte til forskingsprosjektet «Fjordomics» i Helse Førde, har nyleg fått publisert ein vitskapleg artikkel om emnet. Der påviser dei at marine feittsyrer er spesielt gunstige for hjarte/karhelse. Feit fisk som sild, makrell og sardiner er spesielt bra, men også andre fiskeslag gjer nytten. Eit godt alternativ er å ta tran.

 Eskimoane

Kunnskapen om at marine feittsyrer er godt for kroppen, er ikkje ny. Det blei oppdaga då eskimoar, som på 50- og 60-talet flytta til Danmark, raskt tok til å slite med same livvstilssjukdomar som danskane.  Fleire tok til å stille spørsmål ved om endringar i kosthald kunne vere forklaringa.

– Forsking viste at marine omega-3-feittsyrer i blodet til dei grønlandske eskimoane var ti gonger høgare enn hos etniske danskar og eskimoer som hadde flytta til Danmark.

Kvifor sunt

Det nye er med forskinga til Tarja og Olav Kvalheim er at dei har funne mange svar på kvifor marine feittsyrer er så sunt.  Når vi har ete, blir feittkomponentane transporterte med blodet til cellene for bruk eller lagring. Feitt er ikkje oppløyseleg i vatn, men blir omdanna til feittsyrer med ein del som løyser seg opp i vatn. Dei kan dermed transporterast til blodet, og tilbakeførast til levra og omdannast til energi når vi går tur eller driv annan fysisk aktivitet.

Eigen påverknad

Enkelt sagt så er det slik at det vi puttar i oss av mat,  slår av og på gena våre. Dermed blir kosthaldet viktig. Er du flink til å gå tur, får du altså i pose og sekk. Konklusjonen er at den enkelte i stor grad kan påverke risikoen for livsstilssjukdomar gjennom kosthald og aktivitet.

Tekst og bilete: Terje Ulvedal.