Første disputas nokonsinne i Førde

Fredag 15. september disputerer overlege og avdelingssjef Reidar Hjetland over si avhandling om flåttoverførte infeksjonar i Sogn og Fjordane. Dette er første gong ein slik disputas er lagt til Førde, og seansen er open for alle interesserte.

Sjølve eksamenen er ein diskusjon der kandidaten må presentere og deretter forsvare avhandlinga si mot kvalifiserte og ofte svært nærgåande spørsmål frå tre opponentar.

Reidar Hjetland er overlege og avdelingssjef ved Mikrobiologisk avdeling i Helse Førde. Han har i fleire år forska på flåttrelaterte infeksjonar, og skal no forsvare forskingsarbeidet sitt. Han blir ikkje den første med doktorgrad i Helse Førde, men han blir den første som gjennomfører den munnlege eksamenen – disputasen – i Førde.

Dette skjer fredag 15. september, i auditoret ved Førde sentralsjukehus. Dagen før er det prøveførelesingar over to emne; eitt sjølvvald og eit oppgjeve emne.

– Det er stort for Helse Førde og fylket vårt at ein av våre avdelingssjefar har gjort dette forskingsarbeidet i tillegg til store daglege oppgåver, seier klinikkdirektør Olav Hesjedal.   – Hjetland har gjennomført heile forskingsarbeidet utan anna frikjøp enn overlegepermisjon.

Disputasen er eit offentleg arrangement med gratis inngang,  og er ope for alle.

– Ein disputas er ein vaksine mot «Fake News», sidan ein ope og kritisk granskar forskinga. Ved å følgje disputasen vil du lære mykje om både emnet og korleis akademisk forsking skjer, seier forskingsleiar Marit Solheim ved  Senter for helseforsking.

Dagen før sjølve disputasen skal Reidar Hjetland halde to prøveforelesingar.

Reidar Hjetland er fødd i Høyanger i 1956. Han tok medisinsk embetseksamen i Bergen i 1982. Han er spesialist i medisinsk mikrobiologi, og er overlege og avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling i Helse Førde.
Tidspunkt og stad for disputasen 15. september:
Kl. 10.00, auditoriet, 2. etasje, Førde Sentralsjukehus.
«Tick-borne infections in Sogn og Fjordane, western Norway: Seroprevalence, risk factors and subjective health complaints in blood donors».

1. opponent:  Ph. d. Ram Dessau, Syddansk Universitet, Danmark
2. opponent:  Dr. med. Ingeborg S. Aaberge, Folkehelseinstituttet
3. opponent: Professor Harald G. Wiker, Universitetet i Bergen
Disputasen vert leia av professor Audun Nerland.

Tidspunkt og stad for prøveforelesingane 14. september:
kl. 15.30. Sjølvvald emne: «Bioterror».
kl. 16.30. Oppgitt emne: «Sammenligning av patogenese og immunreaksjoner ved infeksjon med de flåttbårne organismene Borrelia og Anaplasma».
Stad: Auditoriet, 2. etasje, Førde Sentralsjukehus