Her er vinnarane i posterkonkurransen under Forskingsdagane 2015
Mette Hjertaas, Gunn Strømsøy og Randi Mette Steen ved Kvinneklinikken vann prisen for beste poster i kategorien forskings -og kvalitetssikringsprosjekt, i samband med markeringa av Forskingsdagane 2015.
Dei hadde laga posteren: Kan varsel- og tiltakslinje redusere bruk av oksytocin? Randi Mette Steen var ikkje tilstades då biletet vart teke.
Deltakarane konkurrerte i to klassar, ein klasse for forskings- og kvalitetssikringsprosjekt og ein for studentprosjekt.
Det var totalt 24 posterar med i konkurransen.
Førstepremien for beste studentposter gjekk til Mie Neumann og Mariell Hermansen for posteren: Prosjektering av distribusjonsnett i Storehaugen byggefelt.
I jyryen: Magne Arve Flaten, professor NTNU/HiSF, Siry Ytrehus, professor HiSF og Tarja Kvalheim, forskar Helse Førde.
I tillegg til heider og ære, var førstepremien for beste forskings- og kvalitetsposter på kr 2000,- ,og beste studentposter på kr 1000,-.
Senter for helseforsking gratulerer prisvinnarane!