Visste du at det no er 16 pågåande innovasjonsprosjekt i Helse Førde? Eller at helseføretaket har bidratt til 16 nye stillingar innan helseteknologi?
I vårt magasin kan du lese meir om nokre av dei spennande forskings- og innovasjonsprosjekta som helseføretaket er involvert i.
Ei kontinuerleg satsing på forsking og innovasjon sidan 2003, då første forskingsartikkel kom ut, har ført til at Helse Førde er langt framme på bruk av digitale verktøy for pasientar og tilsette. Føretaket var først ut i Helse Vest med å ta i bruk digital patologi, og var først ut i verda med å utvikle eit digitalt tilbakemeldingssystem til bruk innan stomi.
VR-teknologi for opptrening etter hjerneslag, digital plattform for pasientar innan psykisk helsevern, app for lungesjuke og digitalisering av smerteregistrering for operasjonspasientar, er nokon av dei mange gode løysingane som som kjem som resultat av idear frå tilsette i Helse Førde. Eit stort engasjement for å betre kvardagen for pasientar og tilsette, saman med ein leiing som ynskjer å legge til rette for nyskaping, er oppskrifta på eit aktivt innovasjonsmiljø.
– Ein kan gjere det greitt åleine, men det er saman vi blir gode, seier Arve Varden.
Arve Varden er administrerande direktør i Helse Førde HF og peikar på viktigheita av samarbeid for å bringe nye løysingar til helsesektoren. Helse Førde er opptekne av samarbeid mellom fleire aktørar; helseføretak, utdannings- og forskingsinstitusjonar, næringsliv og kommunane, for å kunne trekke ut det beste frå kvarandre. Dette bygg god lokal og regional verdiskaping, og attraktive fagmiljø.
Les meir om korleis Helse Førde jobbar med forsking og innovasjon. Følg lenkja til vårt digitale magasin her: https://issuu.com/helseforskning/docs/foi-magasinet_issuu
Ønskjer du eit fysisk eksemplar av magasinet, så er du velkomen innom innom seksjon for forsking og innovasjon i andre etasje i Angabygget.