Menn har mykje dårlegare kolesterolprofil enn kvinner
Forskarar frå Fjordomics-prosjektet i Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen har undersøkt fettsyre- og fettstoffnivåa i serum hos barn og voksne, med mål om å sjå korleis nivåa endrar seg gjennom livet. Dei inkluderte 91 friske 10-åringar og 136 friske voksne frå Sogn og Fjordane, og analyserte fastande blodprøvar for nivåa av 18 fettsyrer og 21 fettstoff av ulik karakter og størrelse.