Ny disputas i fedmesatsinga
Eli Natvik disputerer 9.oktober for PhD-graden ved Universitetet i Bergen, med avhandlinga «Carrying the weight of uncertainty: Patients’ long-term experiences after bariatric surgery».
Natvik er tilknytt den strategiske forskingssatsinga innan folkehelse, livsstil og overvekt.
Natvik har gjennomført djupneintervju med pasientar som har hatt fedmekirurgi, minst fem år etter inngrepet. Avhandlinga ser på korleis pasientar kan erfare behandlinga, og kva det inneber for livet på lang sikt.
Tid og stad for prøveforelesing:
9.10.2015, kl. 10.30. Oppgitt emne: «Alvorlig fedme: kroppslig erfaring, selv og samfunnsutfordring». Stad: Auditorium 1, BB-bygget, Jonas Lies Vei 91.
Tid og stad for disputas:
9.10.2015, kl. 12.30. Stad: Auditorium 1, BB-bygget, Jonas Lies Vei 91.
Artiklane i avhandlinga hennar finn du her
Senter for helseforsking gratulerer!