Ny vitskapleg publikasjon!
Pasientars erfaringar med kliniske tilbakemeldingssystem i psykiske helsetjenester.
Kliniske tilbakemeldingssystem i psykisk helsevern vil verte sentrale i framtids helsetjenester, t.d i form av Helse Førde sitt sjølvutvikla NORSE-system. Denne artikkelen er ein systematisk litteraturgjennomgang og metasyntese av kvalitativ forsking på dette området. Funna er oppsumerte i fire overordna tema: 1) Mistenksomheit overfor leverandørar av helsetjenester, 2) Kliniske tilbakemeldingssystem må fange opp kompleksitet og nyansar i pasientars liv, 3) Kliniske tilbakemeldingssystem kan styrke pasientars råderett, og 4) Kliniske tilbakemeldingssystem kan fremje samarbeid mellom behandlarar og pasientar
Denne studia er utgangspunktet for den empiriske delen av Ph.D-graden til Stig Magne Solstad: ei intervjustudie av pasientar som har nytta NORSE som del av si behandling.
Stig Magne Solstad, psykolog i dobbeltkompetanseløp. Opprinneleg frå Lærdal, busett i Førde. Tilsett i Helse Førde, jobbar 50% klinisk og 50% med forsking. Tilknytta forskingsgruppa for Psykisk Helse og Rus, med Christian Moltu som hovudveiledar. Stipendiat ved Universitetet i Bergen, forskarskulen CDP (Clinical and Developmental Psychology).