Ny vitskapleg publikasjon
Ernæringskartlegginga i heimesjukepleien kan betrast.
Essayet handlar om utfordringane sjukepleiarane møter når dei skal vurdere ernæringstilstanden til eldre pasientar med heimesjukepleie. Halvparten av dei eldre med heimesjukepleie er underernærte eller står i fare for å bli det. Underernæring kan førebyggast ved å kartlegge ernæringstilstanden for tidleg å sette inn ernæringstiltak. Mange kommunar manglar standardisert praksis for ernæringskartlegging. For å lukkast må tenesteleiinga ta grep for å tilføre kunnskap om ernæring og kartleggingsverktøy, betre kartleggings- og dokumentasjonsrutinane, legge opp til ei tydeleg ansvarsfordeling i ernæringsarbeidet, og opprette tverrfaglege ressursgrupper. Ernæringsfysiologar har formell kompetanse i ernæring, og bør trekkast inn i det tverrfaglege samarbeidet i kommunehelsetenesta.
Bente Gunn Melheim er høgskulelektor ved Institutt for sjukepleieutdanning campus Førde ved Høgskulen på Vestlandet, og er knytt til forskingsgruppa Kvalitet og innovasjon i eldreomsorga. Arbeidet inngår i grunnlaget for førstelektorkvalifisering