Ny vitskapleg publikasjon!

Korleis kan vi skape gode hjelperelasjonar?

«The first sessions of psychotherapy: A qualitative meta-analysis of alliance formation processes»

Fleire tiår med forsking viser at relasjonen mellom terapeut og pasient er avgjerande for å lukkast med psykologisk behandling.  Likevel veit vi endå lite om kva som skapar desse gode hjelperelasjonane, og kunnskap om relasjonsbygging kan potensielt hjelpe terapeutar å leggje til rette for både effektive og meiningsfulle behandlingsløp i psykisk helsevern.

I denne studien har vi systematisk re-analysert all tilgjengelig kvalitativ forsking på kva som byggjer gode terapeutiske relasjonar. Basert på totalt 15 studiar fann vi at terapeutar som balanserer sin profesjonelle kompetanse med ei varm innleving skapar gode relasjonar. Dei kan gjere dette gjennom å vere engasjerte, vise at dei forsøker å forstå, nytte humor og ved å vere personleg. Like viktig blir det å lage rom for ei aktiv og medverkande pasientrolle. Våre funn viser korleis det å opne seg opp for ein framand og engasjere seg i ein psykologisk endringsprosess kan vere sårbart. Dermed blir ein trygg, god og gjensidig relasjon viktig for at det psykologiske endringsarbeidet skal kunne ta form.

Psykolog Kristina Osland Lavik

På denne måten gir studien viktige implikasjonar for praksis i ei tid der effektivitet og produksjon er i fokus, også i psykisk helsevern. Den kan vise korleis psykologisk behandling skjer i møtet mellom to menneske, der det å kjenne seg trygg, aktiv og medverkande skapar grunnlaget for eit gjensidig og konstruktivt terapeutisk samarbeid.

Kristina Osland Lavik er psykolog ved Psykiatrisk Klinikk i Helse Førde og tilknytt Forskingsgruppa for psykisk helse og rus. Ho er i oppstarten av eit doktorgradsløp om terapeutiske relasjonar i psykoterapi.

Lenke til artikkel finn du her!