Samarbeid mellom Psykiatrisk klinikk og avdeling for helsefag (HiSF) om forsking og fagutvikling
Vi møter Eva Marie og Svein Ove for å høyre kva fordelar dei ser med samarbeidet innan forsking og fagutvikling.
Svein Ove Alisøy er avdelingssjef ved Psykiatrisk klinikk, Helse Førde. I styringsdokumentet til avdelinga vert forsking peikt på som ei prioritert oppgåve. Avdelinga har ei eiga fagsjefstilling som er med på å styrke forskings- og utviklingsaktiviteten.
Eva Marie Halvorsen er dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling for helsefag i Førde. I arbeidet med forsking og fagutvikling jobbar ho tett saman med Marit Solheim, forskingsleiar i Senter for helseforsking. Senter for helseforsking er eit samarbeid mellom Helse Førde og HiSF.
– Det å byggje kompetanse mellom høgskulen og klinikken er viktig. Vi er jo to små institusjonar her ute i periferien, smiler Halvorsen, så viss vi kan gå saman så blir vi dobbelt så sterke som vi er kvar for oss. Og det med nærleiken, at det kort veg mellom oss, er heilt unikt! Alisøy er einig. – Det er store fordelar med å være tett på fordi avgjersler går raskare, og vi kan sleppe ein del byråkrati. Det gjer oss attraktive som arbeidsgjevarar og det vert lettare å trekke til oss og behalde nye medarbeidarar. Nærleiken gjer dessutan at det opnar seg karrieremoglegheiter begge vegar.
Forsking innan psykisk helse og rus er eit felles satsingsområde for Psykiatrisk klinikk i Helse Førde og for Høgskulen. Styret i Helse Førde vedtok i 2013 å etablere ei tematisk satsingsgruppe innan området. Forskingsgruppa vert leia av fagsjef ved Psykiatrisk klinikk, Christian Moltu.
I desse dagar blir lyst ut to stillingar som doktorgradsstipendiat med søknadsfrist 12. oktober. Den eine av desse skal studere prosessen med å innføre eit klinisk tilbakemeldingssystem og kvalitetsregister i Psykisk Helsevern, og den andre skal gå i djupna på korleis dette kan føre til betre samarbeid og resultat i miljøterapi. Både Halvorsen og Alisøy ser store fordelar med at forsking finansiert av Høgskulen kjem tett på den kliniske røynda i Psykiatrisk klinikk. – Slik får kandidatane ein fot i begge leirar, noko som sikrar at forskinga skjer tett på pasientane og miljøet i klinikken, seier Halvorsen.
Vidare peikar både Halvorsen og Alisøy på at det er særskilt viktig at tilsette med dobbelkompetanse, det vil seie både doktorgrad og klinisk spesialitet, kan ha delte stillingar mellom sjukehus og høgskule. Ei delt stilling kan vere at den tilsette har hovudstilling i sjukehuset og ei mindre bistilling i Høgskulen, eller også i nokre tilfelle ei 50/50-deling. Det er sentrale føringar på at ein ønskjer fleire slike stillingar. Eg ønskjer at forskarane skal ha tett tilknyting til miljøet her på avdelinga, nikkar Alisøy. Noko av forskinga skal jo vere på eigen praksis, og føre til at vi får kvalitetssikring av behandlingstilbodet vårt.
Samarbeidet innan forsking er forholdsvis nytt, men samarbeid om sjukepleieutdanning har eksistert i lang tid.
– Heilt sidan Psykiatrisk klinikk starta opp i 1990 har det vore eit tett samarbeid mellom klinikken og HiSF. Det at høgskulen berre ligg eit steinkast unna Psykiatrisk klinikk sitt bygg i Førde, er ein stor fordel, meiner Alisøy. Det som er viktig for oss er nærleiken til ein høgskule som kan gi oss kvalifiserte medarbeidarar. Dei studentane som er i praksis hjå oss, dei blir i fylket. – Og det er jo dokumentert gjennom forsking i Volda! skyt Halvorsen inn.
– Psykiatrisk klinikk er viktig for at høgskulen skal halde seg oppdaterte i det kliniske arbeidet, at vi er i «tida» og ikkje underviser utdatert informasjon, meiner ho. – De gjer ein fantastisk innsats for studentane her i klinikken, tek godt imot dei og har gode opplæringsopplegg.
Alisøy peikar på at det er gjensidig læringsutbyte, klinikken får nye impulsar frå studentane som er her. Halvorsen ser også andre utviklingstrekk som gjer at ei samarbeid med klinikken har verdi for dei: – I dag skal all utdanning vere kunnskapsbasert og forskingsbasert, og vi ser det som viktig å få studentane tidleg inn i forskings- og utviklingsprosjekt. Vi har ein master i samhandling innan helse- og sosialtenester, og vi ønskjer å kople masterstudentane inn i etablerte forskingsprosjekt slik at det blir ein vinn-vinn-situasjon. Studentane får kome til noko som er ferdig organisert, medan forskarane får litt dra-hjelp av masterstudentane i prosjektet.
HiSF har og eit tett samarbeid med Helse Førde når det gjeld vitskaplege publikasjonar. Helse Førde er den eksterne samarbeidspartnaren som vi har gjeve ut flest publikasjonar med.
Kva felles utfordringar ser de når det gjeld forsking og fagutvikling?
– Ein er ofte i ein skvis når det gjeld kor mykje pengar ein har råd til å setje av til forsking og fagutvikling, og vi er nok avhengige av å få tilgang på ekstern finansiering, seier Alisøy. Men det kan vere krevjande å få tak i eksterne midlar. –Vi må vi ta vare på engasjementet, tilsette som er genuint interesserte og gi dei ein moglegheit til å drive forskings- og utviklingsarbeid, seier Alisøy. Men av og til er det kanskje mange som søkjer om midlar samtidig, og då må vi dessverre seie nei til nokre
Halvorsen meiner at ein må få opp ei større forståing for at forsking er viktig, og aksept i leiinga og i fagmiljøet for å bruke ressursar til dette. – Vi må få opp entusiasmen! Viss fagpersonalet ønskjer meir av forsking og fagutvikling, og det er god forankring i føretaksleiinga i Helse Førde, vil dette viktige området blomstre!
– Enten vi likar det eller ikkje, har både sjukehuset og vi store utfordringar med å få og behalde kompetansen lokalt. Viss vi skal møte dei krav og forventningar arbeidstakarar har, må vi vere attraktive. Då må vi bygge lokale, sterke miljø. Forsking og utvikling kjem som resultat av kva vi som institusjonar ønskjer, men og kva forskarane ønskjer. Alisøy og Halvorsen presiserer imidlertid at regionalt samarbeid også er viktig. – Men korleis klarar vi å få tak i gode eksterne samarbeidspartar, samtidig som vi får behalde kompetansen her? Det er ei utfordring, seier dei.
Kva ser de for dykk å samarbeide om framover?
– Å få opp kvalitet og omfang av forsking på psykisk helse og rus generelt, seier Alisøy, og å omsette denne i betre tenester. Målet må alltid vere å gje pasientane tilbod av høg kvalitet. Halvorsen er einig. – Vi må forske på kva verkar, kva verkar ikkje, kvifor gjer vi som vi gjer? Og så må vi fokusere på brukarmedverknad – det er pasienten som opplever lidingane. Alt vi driv med skal jo komme pasienten til gode.
Halvorsen og Alisøy er opptatt av at dei i tillegg til forsking skal ha mindre omfattande fagutviklingsprosjekt saman, til dømes med fokus på å forbetre læringsmiljøet, undervisning i arbeidskvardagen og andre prosjekt som kan føre til auka kvalitet begge vegar.
av Linda Marie Yndestad Ripe.