Sjølvmelding frå pasienten – før timen
På psykiatrisk klinikk i Helse Førde kan pasientane no møte opp og fylle ut eit elektronisk spørjeskjema i forkant av timen, og dermed gje behandlaren mykje nyttig informasjon før sjølve konsultasjonen.
– Systemet er først og fremst ei betre løysing for pasienten. Det set oss i stand til å gje ei meir individuelt tilpassa behandling og sikrar god dokumentasjon, meiner fagsjef Christian Moltu ved psykiatrisk klinikk.
NETTBRETTET PÅ PLASS I KLINIKKEN: Fagsjef Christian Moltu er tilliks med pasientane godt nøgd med det nye opplegget, som er det første i sitt slag her i landet.
45 minutt i forkant
Klinikken ber no pasientane om å møte opp 45 minutt i forkant til sin første time, og via eit nettbrett kan dei svare på ei rekke spørsmål rundt korleis dei har det og kva behov dei har knytt til behandlinga. Personleg pålogging skjer med kodebrikka som ein brukar på nettbank, eller ved hjelp av BankID på mobil. Opplegget er utvikla i regi av psykatrisk klinikk i Helse Førde, og er det første i landet i sitt slag.
Grafisk og oversiktleg
Spørsmåla og tema på det elektroniske skjemaet er mykje dei same som pasienten elles samtalar med behandlaren om. Skilnaden er først og fremst at resultata kan framstillast for pasienten og behandlaren i form av grafiske, oversiktlege figurar, og at behandlingsforløpet betre og enklare kan overførast elektronisk inn i journalen. Denne dokumentasjonen blir dermed også lettare tilgjengeleg som data i forskingssamanheng.
Jamnar ut maktforskjellar
– Vi meiner at systemet vil opne for betre pasientmedverknad i behandlinga, og at det vil vere med på å utjamne maktforskjellane som ligg der i møtet mellom behandlar og pasient, seier Moltu. – Mange kan få god hjelp hjå psykisk helsevern, men det finst også mange som ikkje får så god nytte av behandlinga. Men vi er sikre på at dette systemet bidreg til at vi no kan gje betre hjelp til den mest sårbare pasientgruppa som er vanskelegast å hjelpe.
Færre spørsmål etterkvart
Frå konsultasjon nummer to og utover i behandlinga får pasienten også svare på elektronisk spørjeskjema, men no er det færre spørsmål. Dette på grunn av at dei spørsmåla som viste seg mindre relevante for den einskilde pasient er tatt bort eller blitt færre. Såleis treng pasienten kortare tid enn ved første time, og blir beden om å møte ti minuttar før desse timane for å kunne svare elektronisk.
Den elektroniske, grafiske framstillinga i pasientens journal vil etter eit typisk pasientforløp normalt vise tilstand ved oppstart av behandlinga og tilstand etter at behandlinga er avslutta. I framtida vil dette kunne bli rapportert vidare til pasientens fastlege, og kan vere til stor nytte ved framtidige konsultasjonar her.
Gode tilbakemeldingar
– Dei elektroniske svara frå pasientane gjev oss raske tilbakemeldingar av høg kvalitet, seier Moltu. – Når vi skal ta dette inn i behandlinga, tyder det også at vi må utvikle ein kultur i klinikken for å kunne arbeide på basis av desse konkrete tilbakemeldingane.
Systemet er tatt i bruk ved Vaksenpsykiatrisk poliklinikk og DPS døgnpost i Førde, samt ved NPS døgnpost på Eid. Så langt har psykiatrisk klinikk brukt det elektroniske spørjeskjemaet mest på innlagte pasientar, og Moltu fortel at tilbakemeldingane frå pasientane har vore veldig gode. Framover vil også polikliniske pasientar kunne bruke det elektroniske spørjeskjemaet.
Det blir søkt Datatilsynet om konsesjon for å lagre data i systemet, då dette blir svært nyttig i framtidig forsking i faget. Pasienten må samtykke på eige skjema for at Helse Førde over tid skal kunne lagre opplysningane for forsking.
Tekst og foto: Per Marifjæren.