Studentane tok tak i tolketenesta
Andel framandspråklege pasientar er allereie no så stor at god tolketeneste er blitt ein kritisk, livsviktig funksjon i spesialisthelsetenesta. Dette såg sjukepleiarstudentane Ingrid Lund og Signe Salbu då dei hadde praksis ved kreftpoliklinikken i Helse Førde. Og dei gjorde eit berdfullt forbetringsarbeid på området.
– Dei to studentane har gjort eit veldig grundig forbetringsarbeid på området, og vi har også fått ein god etisk-fagleg diskusjon rundt tolketenestene, seier seksjonsleiar Monika Staberg Sunde ved kreftpoliklinikken. – Arbeidet deira vi bli brukt som grunnlag når vi skal ha reviderte prosedyrer rundt tolking inn i Kvalitetshandboka.
Ingrid Lund er ein av studentane som har hatt fordjupingspraksis ved kreftpoliklinikken, og dette var siste praksisperioden for henne og medstudent Signe Salbu. Parallelt med den kliniske praksisen skal studentane også lage eit skriftleg arbeid retta mot kvalitetsforbetring, og presentere dette i klinikken.
Vi såg kor stor trongen for tolk er blitt, og korleis behovet vart dekka, fortel Ingrid. – Det vi har gjort er å foreslå prosedyrer som skal kvalitetssikre tolketenesta. Blant anna bevisstgjere om systema for å søke etter tolk og system for å registrere og kunne søke opp tolkar etter kvalifikasjonar og kva utdanning og eventuell autorisasjon dei har. På den måten kan ein betre sikre at pasienten opplever det teneleg å bruke den tolketenesta vi kan tilby.
Med ei meir systematisk kvalitetssikring vil pasientane kunne kjenne seg tryggare i samtalen. Desse situasjonane kan kjennast vanskelege nok for pasienten sjølv når ein forstår alt og snakkar språket flytande. Pasientane må også kjenne seg trygge på tolkens integritet, og ofte kan kulturelle skilnader også spele inn.
Interessa var stor då Ingrid og Signe presenterte arbeidet sitt i klinikken. Der trekkte dei også fram kor viktig det er å nytte den standardiserte kommunikasjonspermen i pasientsamtalane.
Legar, sekretærar og sjukepleiarar kom frå både poliklinikken og sengeposten, og framlegga til prosedyrer for bruken av tolketenester vart sett som svært nyttige, seier seksjonsleiar Monika Staberg Sunde ved kreftpoliklinikken.
Tekst og foto: Per Marifjæren