Studentar set lys på lårhals og liggesår
Sjukepleiarstudentane Aleksandra Tefre og Sindre Grotle er sentrale i prosjekt «Trygg pleie» på medisinsk sengepost på sentralsjukehuset i Førde. Sjukehuset og Høgskulen samarbeider om å utføre risikovurdering i samband med pasienttryggleik.
Aleksandra understrekar at dei er særleg årvakne på emna fall og beinbrot (les: lårhalsbrot), underernæring og trykksår (les: liggesår).
God økonomi
Sindre legg vekt på at prosjektet fører til færre sjukehusdøgn, og betre livskvalitet for mange pasientar. -Pasientar kan få det betre og det vert billegare for alle partar, avsluttar han.
Samarbeid
Dette er eit samarbeid mellom Helse Førde og HiSF der målet er å betre kvaliteten i helsetenesta og betre praksisopplæringa. Prosjektet er i tråd med eit satsingsområde i Det nasjonale pasientsikkerheitsprogrammet «I trygge hender 24-7». -Studentane har fått informasjon og opplæring i gjennomføring av kartlegginga på ein fagdag, der dei også har laga posterar for å promotere dette viktige arbeidet, seier prosjektleiar Sissel Hjelle Øygard ved Høgskulen.
Systematisering
Marny Pettersen er fagutviklar og sjukepleiar i Helse Førde. -Arbeidet med risikovurdering har alltid hatt prioritet, men prosjektet gir oss ekstra trykk i arbeidet. Vi får systematisert det vi gjer, fortel ho. -Statistikken syner at talet på risikovurderte pasientar aukar monaleg ettersom prosjektet skrid fram, seier prosjektmedarbeidar Irene Aasen Andersen ved Høgskulen.
Tekst: Hans Jakob Reite