To nye professorar ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde

Høgskulen på Vestlandet (HVL), Campus Førde og Helse Førde (HF) har fått to nye professorar, Christian Moltu og John Roger Andersen. Begge dei to er sentrale personar i forskingsmiljøet i HF og HVL, me gratulerer dei begge med professortittelen!

Professor Christian Moltu si forskingsverksemd har fokus på samarbeidet  mellom terapeut og pasient, brukarmedverknad i forsking og utvikling av kvalitativ metodologi. Han leier forskingsgruppa for psykisk helse og rus, som særleg ser på korleis ein kan sikre at pasienten verkeleg har utbyte av behandlinga. Dersom behandlaren får eit godt bilete av pasienten sin tilstand, kan behandlinga tilpassast. Moltu har også utvikla eit system for klinisk tilbakemelding, NORSE. Moltu er psykologspesialist, arbeider som fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i HF og som professor II på HVL.

Link til personprofil til professor Moltu på HVL, finn du her! 

Professor John Roger Andersen sine sentrale forskingsområder er endringar i livskvalitet og helse etter behandling for sjukleg overvekt og ulike andre langvarige lidingar, og helse og livskvalitet hos barn og unge. Han har arbeida med utvikling av kvalitetsregister og har brei forskingserfaring med registerdata. Andersen leier forskingsgruppa folkehelse, livsstil og overvekt. Gruppa forskar mellom anna på over 15 års erfaring med fedmekirurgi ved Førde sentralsjukehus og på korleis personar med fedme kan få betre helse og livskvalitet gjennom livsstilsendringar.  Andersen er professor ved HVL og forskingskoordinator i HF.

Link til personprofil til professor Andersen på HVL, finn du her!