Samhandlingsbarometeret

Helse Førde har utvikla Samhandlingsbarometeret, ein kunnskapsbank for samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Portalen vert også brukt av Høgskulen på Vestlandet i forsking, undervisning og studentarbeid.

Helse Førde eig og driftar Samhandlingsbarometeret på vegne av Helse Vest, og har eit team av forskarar og analytikarar som arbeider med publisering, analyse og formidling knytt til barometeret.

Velfungerande samhandling mellom dei to nivåa i norsk helsevesen er avgjerande for å kunne levere gode, trygge og samanhengande tenester til innbyggarane. Helseføretak og kommunar har bruk for lett tilgjengelege data som får fram viktige sider ved samhandlinga, og kan tene som styringsinformasjon for helsefellesskapa. Oppdatert status på området og utvikling over tid er grunnleggande kunnskap å få presentert.

Presentasjon av variablar/data og skilnader ned på den einskilde kommune må alltid tolkast med varsemd då tilfeldige variasjonar ofte vil kunne spele inn, særleg for små kommunar.

Ved sidan av samhandlingsvariablane knytt til fag, kvalitet, ressursar og økonomi, inneheld nettstaden også demografiske variablar og eit utval av folkehelsevariablar. Begge desse områda er sentrale for samhandlingsarbeidet.

Utforsk Samhandlingsbarometeret her!