Invitasjon til miniseminar om risikofaktorar for osteoporose og brot

Går du med ei lita forskarspire i magen?

Då må du melde deg på dette miniseminaret på sjukehuset!

Onsdag 15.mars kl 12-14.45, Møterom C, 3.etasje, Revmatologisk poliklinikk

 

Forsking på data frå FABB-studien: Risikofaktorar for osteoporose og brot

FABB-studien er ein case kontroll studie som inkluderte 397 pasientar over 40 år med akutt brot i ankel eller distale radius i Helse Førde i perioden mars 2014 til januar 2017. Vi undersøkte òg 199 kontrollar frå Sogn og Fjordane fylke, som aldri hadde hatt brot.  Studien var basis for mi doktorgradsavhandling frå Juni 2021: “Risk factors for fracture and fracture severity of the distal radius and ankle”. Og no er det tid for å fortsette forskinga på dei store mengdene gode innsamla data vi har! Vi ønsker og å lage ei plan for utnyttig av biobanken, der det er lagra prøver av serum og fullblod på alle dei nær 600 deltakarane.

 

Vi har ei database som inneheld data frå kvalitetssikra omfattande spørjeskjema med informasjon om mellom anna tidlegare sjukdommar, kosthald, kosttilskot, medikamentbruk, grad av fysisk aktivitet og forbruk av røyk og alkohol. Vi har resultat frå beintettheitsmåling av hofter og korsrygg på alle deltakarar, og resultat på følgande blodprøver: LPK, Hb, SR, s-elfo, s-Ca, albumin, PTH, 25-OH vitamin D, transglutaminase 2, TSH, ALP, ALAT, ASAT, ferritin, folat, IgA, og på menn i tillegg s-testosteron, LH og FSH. Klassifikasjon av brota er og utført (Danis- Weber-klassifikasjon av ankelbrot og AO av radiusbrot. Det vart tatt CT av 68 % av radiusbrota i tillegg til røntgen.

 

Program

Kl 12.00 – 12.30:  Lunsj og velkomen!                                                                           Anja Myhre Hjelle

Kl 12.30 – 12.50:  Presentasjon av tidlegare forskning og forskingsgruppa               Anja Myhre Hjelle

Kl 12.50 – 13.00:  Klinisk forsking i Helse Førde                                                          Anne Solveig Tråseth

Kl 12.45 – 13.30:  Forslag til prosjektpakkar med delprosjekt                                  Anja Myhre Hjelle

  • Pakke 1: Kronisk inflammasjon, aldring og osteoporose
  • Pakke 2: Predikatorar for osteoporose og brot
  • Pakke 3: Distale radius frakturar: faktorar for brottype, behandling og prognose

Kl 13.30 – 13.45: Pause, frukt og kaffi

Kl 13.45 – 14.30: Open diskusjon rundt bordet

Kl 14.30 – 14.45: Oppsummering

 

Vi gleder oss til å møte også deg som ikkje har drive med forsking tidlegare, enten du er lege, sjukepleiar eller tilhøyrer ei anna yrkesgruppe. Er du interessert i forsking, er akkurat DU spesielt velkomen! Ta gjerne kontakt på anja.myhre.hjelle@helse-forde.no om det er noko du lurer på. Vi set pris på beskjed om du kjem, og om du ønsker å delta digitalt. Ellers kjem du berre innom!