16 millionar til regionale innovasjonsprosjekt i Helse Vest
16 innovasjonsprosjekt får til saman 16 millionar kroner frå Helse Vest.
Helse Vest RHF lyste ut 16 millionar kroner til regionale innovasjonsprosjekt i dei to kategoriane «nye prosjekt» og «idéoverføring».
Til søknadsfristen 25. oktober 2021 kom det inn totalt 44 søknadar, og det blei totalt søkt om 40 millionar kroner. Flest søknadar var det i kategorien «nye prosjekt» med 40 søknadar, medan det i kategorien «idéoverføring» var fire søknadar.
Leiarmøtet i Helse Vest vedtok tildeling 11. januar, på grunnlag av innstillinga frå ein regional innovasjonskomité som har vurdert søknadane etter gitte vurderingskriterium. Forutan regionale representantar frå Helse Vest RHF, representantar frå helseregionane Helse Sør-Øst og Helse Midt-Norge, deltok to brukarrepresentantar og konserntillitsvalt i komitéarbeidet.
Høg kvalitet
– Søknadane viser høg innovasjonsaktivitet i heile føretaksgruppa, særleg knytt til nye og betre arbeidsformer ved bruk av teknologi. Det er gledeleg at vi har fått inn så mange søknadar til tross for pandemien. Utlysinga er eit viktig verkemiddel for å leggje til rette for innovasjon i helsetenesta og å nå måla i Helse 2035 og Nasjonal helse- og sjukehusplan, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
Sjå her for meir informasjon og liste over kven som fekk støtte.