Frå Førde til Cape Town
Stomisjukepleiar i Helse Førde Kirsten Lerum Indrebø presenterte studien ho held på med på Verdskongressen for stomisjukepleiarar i Cape Town.
Å tilpasse seg til å leve med stomi kan vere ei utfordring både fysisk og psykisk. Stomiopererte blir difor følgde opp poliklinisk hjå stomisjukepleiar ca 3 veker, 3, 6 og 12 månader etter operasjonen.
Indrebø er no i gang med ein studie for å sjå korleis ein kan få endå betre individuell tilpassing av oppfølgjinga. Dette skal skje gjennom bruk av eit klinisk tilbakemeldingssystem som måler resultatet av pasienten sin framgang i behandlinga over tid. Målet med denne studien er å evaluere effekten av eit klinisk tilbakemeldingssystem når det gjeld stomiopererte si tilpassing til å leve med stomi og å evaluere pasientane sine vurderingar av det kliniske tilbakemeldingssystemet.
Intervensjonen inkluderer sjølvrapporterte data relatert til tilpassing til å leve med stomi. Målingane vert gjennomført elektronisk før kvar kliniske kontroll 3 veker, 3, 6 og 12 månader etter operasjonen. Pasienten sine svar vert analyserte og grafisk framstilte for bruk i konsultasjonen, der pasienten og stomisjukepleiar drøftar svara.
Eit slikt klinisk tilbakemeldingssystem er allereie i bruk i psykiatrisk klinikk, og ein ønskjer no å også teste det ut i andre avdelingar med andre pasientgrupper.