Robot i rehabilitering etter hjerneslag

Kan kopling mellom teknologi og helse hjelpe slagpasientar? Tre ingeniørstudentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer å utvikle samarbeidet mellom menneske og maskin.

– Folk har ein skepsis til robotar i utgangspunktet. Dette kan til og med gjelde for ingeniørar, smiler dei tre studentane Børge, Hans Olav og Marius. Dei er inne i avslutningsfasen av bacheloroppgåva si, der dei har utvikla ein robot som skal brukast i arbeidet med slagpasientar.

For å menneskeleggjere roboten, har dei programmert den til å handhelse. Dei har fylt ein arbeidshanske med akryl for å simulere kjensla av å ta i ei menneskehand. Slik blir det lettare for pasient og fysioterapeut å ta roboten i bruk.

Å måle krefter gir motivasjon

Roboten trenar opp gripeevna i den skada armen. Den kan innstillast på ulike styrkenivå, og vil yte auka motstand dess sterkare pasienten er. Ein viktig faktor i studentprosjektet, er å finne ut om roboten kan arbeide i kontakt med menneske på ein trygg måte. Difor valde dei ein følsom robottype som ikkje kan skade pasienten.

Logg og leik

Fordelen med å bruke robot i rehabiliteringa, er at ein får nøyaktig logg på treningsprestasjonane og kan følje desse over tid. Studentane ser for seg at  det kan utviklast dataspel som del av treninga, slik at aktiviteten blir kjekkare. Roboten kan også programmerast til å kome med overraskande rørsler. Dette kan vere med på å gjere treninga meir variert og spennande.

Helsepersonell må meir inn i neste fase

Denne oppgåva har hovudvekt på robot og programmering, men studentane har også rådført seg med fysioterapeut Eli Natvik ved høgskulen. Resultata så langt gir god von om bruk av denne teknologien i velferdssektoren.

– Vi håpar det kjem mange sjukepleiestudentar og anna helsepersonell og høyrer på presentasjonen vår i slutten av mai, seier studentane. Dei kan gi oss nyttige innspel til praktiske område der teknologien kan takast i bruk.

Tekst og foto: Bente Kjørstad Walaker