Innovasjon
Har du ein god idé? Har du spørsmål til idéutvikling?
Ta kontakt med innovasjonsrådgjevar Gro Rukan. Ho kan svare på spørsmål om idéutvikling, kommersialisering eller anna knytta til innovasjon.
Du kan òg sende inn din idé til idémottaket til høgre.
Sjekk ut våre vegvisarar for innovasjon!
For innovatørar i helsesektoren kan det dukke opp mange spørsmål om kva ressursar som er tilgjengelege, og korleis innovasjonsprosessen. I Helse Førde har vi laga nokon «vegvisarar» som kan gje deg litt nyttig informasjon.
Innovasjonsløypa viser korleis innovasjonsprosessen i eit prosjekt kan sjå ut.
Ressurskartet viser ei oversikt over nokre av ressursane som kan vere relevante for deg- enten det gjeld kompetanse eller finansiering.
Prosjektleiing viser viktige område du som prosjektleiar må tenkje over. Prosjektleiarrolla er annleis enn rolla som klinikar på mange område.
Kva er innovasjon? Innovasjon er ei ny vare, ei ny teneste, ein ny produksjonsprosess, anvending eller organisasjonsform som er lansert i marknaden eller tatt i bruk i produksjonen for å skape økonomiske verdiar. Eit innovasjonsprosjekt kan vere forsking eller kvalitetsforbetring/-sikring avhengig av innhaldet og framgangsmåten i prosjektet.
Nyheiter om innovasjon
Sjå videoar av innovasjonsprosjekt Helse Førde er involvert i:
Video: NORSE/Helse Førde/Studio Boi
Video: Rakkar
Video: Rakkar
Video: Rakkar
Video: Rakkar
Video: Salita Tolke- og Translatørtjeneste AS
Video: Rakkar