Verdas første tilbakemeldings-system for stomiopererte

Prosjektleiar John Roger Andersen og Kirsten Lerum Indrebø.

Prosjektet har fått 860.000 kroner i innovasjonsmidlar frå Helse Vest for å spreie systemet til alle stomipoliklinikkane i heile regionen. 

– Det er fantastisk å få moglegheita til å utvikle dette prosjektet vidare for å gjere tilbodet til personar som er stomiopererte endå betre.

Det seier John Roger Andersen, prosjektleiar, forskingskoordinator i Helse Førde og professor i sjukepleievitskap ved HVL.

Tilbakemeldingssystemet Ostomy Adjustment System utviklast på bakgrunn av Kirsten Lerum Indrebø sitt doktorgradsprosjekt, og er det første i verda som er aktivt i bruk i pasientbehandling innan stomiomsorg. Systemet hjelper pasientane med å tilpasse seg til å leve med stomi. Lerum Indrebø er stomi- og kontinenssjukepleiar i Helse Førde og stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet.

– Det er ein stor fordel at systemet er utvikla av nokon i fagmiljøet sjølv, i sjukehuskvardagen, seier Andersen.

Styrker brukarmedverknad
Før konsultasjonar svarar pasienten på spørsmål om tilpassing til stomi i eit klinisk tilbakemeldingssystem. Dette er eit digitalt verktøy der pasientar gir informasjon som kan nyttast i behandlinga.

Sjukepleiaren kan sjå på svara før timen og nytte dei som støtte i samtalen med pasienten. Hensikta er å få pasienten si stemme betre fram og at tema som lett kan bli oversett av sjukepleiarane eller underrapportert frå pasienten blir sett på dagsorden. Pasientane si deltaking i eiga behandling blir dermed betra, og tilbodet kan bli betre tilpassa den enkelte pasient sin situasjon.

– Det er i stor grad brukarmedverknad i dag òg, men med systematisk datainnsamling frå pasienten, blir brukarmedverknaden styrka, seier Lerum Indrebø.

Utviklinga og evalueringa av systemet vert også gjort i tett samarbeid med pasientar.

Til no er systemet implementert som ei pilotutprøving i Stomiklinikken ved Kirurgisk poliklinikk på Førde sentralsjukehus. Framover skal versjon 2 av systemet implementerast og vidareutviklast i poliklinikkar i Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger.

Håpar å kunne tilby systemet nasjonalt
Midlane frå Helse Vest skal hovudsakleg brukast til frikjøp av klinikarar som skal implementere systemet i klinikkane og til læringsaktivitetar.

– Vi kjenner kvarandre godt og kjenner kvarandre sine faglege ståstadar. Implementeringa krev ei omfattande fagkompetanse i korleis verktøyet best kan nyttast innafor dei nasjonale faglege rammene for oppfylging av stomiopererte som allereie er lagt. Dei som skal nytte verktøyet må ha ei felles forståing, seier Lerum Indrebø.

Hausten 2021 skal gå med til å ferdigstille versjon 2 av systemet. Frå starten av 2022 håpar dei å ha klart eit system som kan brukast innanfor stomiklinikkar i heile Helse Vest.

– I løpet av prosjektperioden skal vi justere og lære så mykje at vi har eit fullt fungerande system. Vi håpar at vi kan tilby heile systemet nasjonalt i løpet av to år, seier Andersen.

Dei vurderer også at erfaringane dei får kan overførast til andre pasientgrupper, og slik bidra til å auke kvaliteten på helsetenester på andre område.

God støtte
Lerum Indrebø og Andersen er takknemlege for god støtte frå Helse Førde.

– Det er lav avstand mellom toppleiarar og forskarar. Det er lett å komme i dialog og få aksept for nye tiltak, og nye idear blir motteke på ein positiv måte. I dette prosjektet har det berre vore opne dørar, og Helse Førde har stilt seg bak prosjektet med hud og hår, seier Andersen.

Dei vil særleg trekke fram konsulent for prosjektet, Geir Helge Møller i Helse Førde.

– Han har vore avgjerande for å komme i gang med det tekniske, og utan hans hjelp hadde vi ikkje klart det. Han er også med i fortsettinga, seier Andersen.

Stomi- og kontinenssjukepleiarane Bodil Øyra og Alice Nikkinen i Helse Førde har også hatt avgjerande betydning for at dei har fått prøvd ut og evaluert tilbakemeldingssystemet undervegs i prosjektet.

– Desse erfaringane blir svært viktige å ha med i det vidare implementeringsarbeidet, seier Lerum Indrebø.

Helse Førde og HVL er involvert i fleire prosjekt som har fått støtte frå Helse Vest
Helse Bergen har fått innovasjonsmidlar til idéoverføring av den Helse Førde-utvikla appen Pust Deg Bedre.

eHjerteRehab som inngår i CONCARD-studien leia frå Helse Bergen, har fått støtte til eit elektronisk program som skal følge hjartepasientar gjennom rehabilitering. Gjennom filmsnuttar, ein medisin-app og informasjon på nett, skal det bli mogleg for hjartepasientar å motta rehabilitering heime.

Desse to prosjekta vert utvikla vidare i nært samarbeid med kommunane. Begge prosjekta har også fått støtte frå Innomed.

 

Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.

Er du tilsett i Helse Førde og er interessert i å forske? Då kan du ta kontakt med Seksjon for forsking og innovasjon. Sjå også framgangsmåte for forsking i Helse Førde.

Er du tilsett på Høgskulen? Ta kontakt med forskingsgruppeleiar eller din leiar.

Les også:

I starten var ho den einaste stomisjukepleiaren i regionen. No utviklar ho verdas første tilbakemeldingssystem for stomiopererte