Heider til Helse Førde-forskar
Tidsskriftet Journal of Contemporary Psychotherapy har kåra artikkelen frå eit forskingsprosjekt i Helse Førde til årets viktigaste bidrag 2018 innan kategorien psykoterapiprosess-forsking.
Det amerikanske tidsskriftet Journal of Contemporary Psychotherapy gjennomgår årleg artiklane som er publisert i 60 av dei viktigaste psykiatritidsskrifta, og kårar dei viktigaste bidraga i ni ulike kategoriar.
I kategorien Psychotherapy process 2018 kom Helse Førde-artikkelen seg gjennom nålauget og vart nominert, for deretter å gå heilt til topps i kåringa. Førsteforfattar er psykolog Kristina Osland Lavik, og medforfattarar er Christian Moltu, Helga Frøysa og Karen F. Brattebø.
Gode relasjonar
– Denne kåringa er vi veldig stolte av, seier Kristina Osland Lavik. – Artikkelen er ein del av eit større forskingsprosjekt der vi filmar terapitimar og analyserer kva som skjer i møtet mellom pasient og terapeut. Vi håpar og trur at denne forskinga skal komme både nye og erfarne terapeutar til gode, og skape meir bevisstgjering rundt betydninga av å skape gode relasjonar i psykoterapi.
Tema i forskingsprosjektet er altså relasjonane mellom pasient og terapeut, og korleis skape dei gode relasjonane som er nødvendig for at terapien skal fungere. I praksis inneberer dette å balansere det å vere ein profesjonell med å vere eit varmt, ikkje-dømmande og ekte medmenneske i møtet med pasienten.
– Blir meir synleg
– Dette er terapeutferdigheiter som er lett å ta for gitt, og som kan verke sjølvsagte. Likevel ser vi at bevisstgjering rundt dette er viktig og nødvendig, seier Lavik. – Som terapeutar vert vi gjerne opptekne av kva vi skal gjere, heller enn korleis vi skal gjere det. Målet med denne forskinga er å støtte terapeutar i å tenke meir rundt korleis, på ein praktisk og forståeleg måte. Dette blei også trekt fram når vi vann denne prisen.
Ho meiner prisen er viktig og eit prov på at verdfull forsking også kan skje i eit lite helseøretak som Helse Førde.
– Kåringa fører til at forskinga vår blir langt meir synleg i store fagmiljø rundt om, og sjølvsagt ligg der ei stor anerkjenning av kvaliteten i studien vår.