Innovasjonsprosjekt i Helse Førde får midlar frå Extrastiftelsen
Lungesjuke skal få eit verktøy som hjelper dei til å meistre eigen kvardag betre. Extrastiftelsen går no inn med økonomisk støtte til innovasjonsprosjektet «Pust Deg Betre» i Helse Førde. Til hausten skal løysinga testast på pasientar i Sogn og Fjordane.
Spesialfysioterapeut, idehavar og prosjektleiar Elin Johnsen (bildet) i Helse Førde har sidan våren 2018 arbeidd for å utvikle konsept og programvare til eit digitalt verktøy for å lette kvardagen til pasientar som strevar med slim og tung pust. Arbeidet med applikasjonen har til no vore støtta av innovasjonsmidlar frå Helse Vest. No jublar ho over at prosjektet vert verdsett nasjonalt, og også får økonomisk hjelp frå Extrastiftelsen. Stiftinga går inn med 820 000 kroner til å vidareutvikle løysinga.
– Den digitale løysinga vi utviklar gjer krevjande informasjon tilgjengeleg på ein mykje meir pedagogisk og motiverande måte. Målet er at kronisk lungesjuke skal vere betre rusta til å gjere viktige øvingar for å handtere plagsame symptom på eiga hand, fortel Johnsen.
Skal hjelpe lungesjuke
Applikasjonen visualiserar dei mest effektive og skånsame pusteteknikkane som lungesjuke skal nytte for slimmobilisering. For å få til dette har Elin Johnsen funne gode samarbeidspartnarar både lokalt og nasjonalt.
Den teknologiske utviklinga skjer i samspel mellom fageksepertisen innan lungefysioterapi og spelteknologikompetansen til firmaet Haptiq frå Florø¸, men det er mange på laget for å kvalitetssikre arbeidet. Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke (LHL) i Sogn og Fjordane er viktige, og har hjelpt med brukarkompetanse i første prototype. LHL nasjonalt vert ein vesentleg samarbeidspart når ein skal optimalisere løysinga til hausten, mellom anna ved at LHL-sjukehuset Gardemoen ønskjer å bidra i utviklinga og brukartestinga av den forbetra og utvida versjonen.
Stor nytteverdi
Extrastiftelsen hjelper til med til å realisere forsking som fremjar fysisk og psykisk helse, meistring og livskvalitet. Stiftinga har 36 medlemsorganisasjonar, alle er frivillige hjelpeorganisasjonar, og dei får midlane sine frå overskotet til Norsk Tipping. Sidan starten i 1993 har stiftinga fordelt kring fire milliardar kroner til helseprosjekt over heile landet.
Fagsjef i Extrastiftelsen, Jan H. Gulbrandsen, seier dette om kvifor dei støttar arbeidet med å utvikle «Pust deg betre»:
– Dette er eit innovativt prosjekt der det ferdige verktøyet vil kunne ha stor nytteverdi for både pasientar og fysioterapeutar.