Helse Førde aukar satsinga på kliniske studie
Gjennom forsking får vi tilgang til ny kunnskap om behandling og medisin. Visste du at pasientane sjølv kan be om å få delta i kliniske legemiddelstudiar, og på den måten få tilgang til ny og utprøvande behandling?
Verdsdagen for kliniske studie er 20.mai, og Helse Førde markerer dagen med å presentere to nytilsette som skal jobbe med kliniske studie i føretaket.
Annelin Hennessy Fagerstrøm er tilsett i ei 40% stilling som studiesjukepleiar på kreftavdelinga, og Anne Solveig Tråseth er tilsett i ei 60% stilling som studiekoordinator for kliniske studiar. Begge stillingane er faste, og er ledd i Helse Førde si satsing på kliniske studiar. Dei to nytilsette vil bidra til at fleire pasientar kan få tilbod om utprøvande behandling.
– Kliniske studier er både spennende, interessant og viktig! Det er fint at ein som sjukepleiar kan gi sitt bidrag til prosessen med å forbetre pasientbehandling, gjennom utprøving av nye behandlingsmetodar, seier Fagerstrøm.
– Eg ser fram til å begynne i den nye jobben over sommaren. Å få kunne vere med å bidra til å bygge eit system som gjer at vi kan gje endå fleire pasientar moglegheit til utprøvande behandling opplever eg som svært meiningsfylt, fortel Tråseth.
Helse Førde er også deltakar i prosjektet MED.hjelper. MED.hjelper er eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt som ønsker å gje norske pasientar like moglegheiter til å bli vurdert for deltaking i kliniske studie. Les meir på medhjelper.com