Kliniske legemiddelstudiar kan gje pasientar raskere tilgang på nye behandlingar

«Vi må ikkje tru at Førde sentralsjukehus ikkje er stort nok til å drive med slik type forsking og at vi ikkje er gode nok til å ta ansvar for slike prosjekt. Behandlingane eller undersøkingane i kreftstudiane er i dei fleste tilfella ikkje meir avanserte enn dei vi dagleg gjev på kreftavdelinga, men det er arbeidet rundt som er krevjande», seier Kristin Vassbotn Guldhav, studiekoordinator på kreftavdelinga.

f.v: Laura Nyhammer, kreftpoliklinikken, Helga Aasen Osland, lab medisinsk biokjemi, Kristin Vassbotn Guldhav, studiekoordinator kreftavdelinga.

Kliniske legemiddelstudiar kan gje pasientar tilgang på nye behandlingar, opptil fem-seks år før dei blir godkjent for vanleg bruk. Dette er dyrbar tid for pasientar med ei alvorleg kreftdiagnose. På kreftavdelinga erfarer vi at fleire pasientar etterspør forskingsstudiar og nokon har kanskje undersøkt litt på eigenhand før dei møter til konsultasjon.

Det er eit nasjonalt mål at fleire pasientar frå heile landet, får tilbod om å delta i kliniske behandlingsstudiar, typisk med utprøving av legemiddlar. Ifølgje Statens legemiddelverk kan vi på den måten finne ut korleis eit legemiddel verkar, kva slags biverknad det har, og korleis det blir omsett i kroppen.

Ved kreftavdelinga ynskjer vi å kunne gje pasientane våre eit tilbod om studiar lokalt, slik at dei slepp å reise til andre sjukehus. Kreftavdelinga har tilsett Kristin Vassbotn Guldhav som studiekoordinator i ei toårig prosjektstilling. Ansvarsområde er å byggje opp eit system og utvikle lokal kompetanse. Stillinga er finansiert av eksterne midlar frå ulike kjelder. Det er behov for å få på plass ein meir varig ordning for å sikre at fleire pasientar frå HFD kan få tilbod om å delta i kliniske studiar.

HFD har i år for første gong rapportert på legemiddelstudiar, både industri- og offentleg finansierte legemiddelstudiar. Det er registert 14 aktive slike studiar i HFD i 2017, med åtte av desse på kreftavdelinga.

Utfordringar, både lokalt og i heile landet

Det er for det første mykje søknader og formalitetar som må vere på plass før ein får lov til å starte med denne type forsking. I tillegg krevst det tettare oppfølging av pasienten gjennom fleire prøver og dokumentasjon i eigne databasar. Prøvene skal i ein del studiar også sendast på tørris til laboratoriet i utlandet, og berre det krevst planlegging og nøye logistikk.

All førebuing og gjennomføring av ein klinisk legemiddelstudie krev tid og ressursar. I ein hektisk og allereie pressa arbeidsdag for legar og sjukepleiarar er det vanskeleg å starte og drive studiar på toppen av vanleg drift. Det er og ein manglande infrastruktur for å drive med kliniske legemiddelstudiar både her ved vårt sjukehus og elles ved andre sjukehus i landet.

Det må mellom anna satsast på fleire studiesjukepleiarar og studiekoordinatorar dersom det skal vere realistisk i framtida å auke tilbodet om deltaking i kliniske legemiddelstudiar.

«Det har vore ei bratt læringskurve å tre inn i rolla som studiekoordinator, seier Guldhav. For kvar enkelt studie er det nye protokollar, kontraktar og datasystem å setje seg inn i. Kontakt med ulike forskingseiningar for utprøvande behandling både i Bergen, Trondheim og Rikshospitalet har vore gull verdt, avsluttar ho. Kristin har fått god hjelp frå samarbeidspartar både på laboratoriet og på apoteket her ved sentralsjukehuset.»

«Det er spennande og svært lærerikt å delta i kliniske legemiddelstudiar. Vi får kontakt med fagmiljø både i inn og utland og vi blir introdusert for den nyaste forskinga innan fagfeltet. Dette er kompetansehevande for avdelinga og bra for tilbodet til pasientane våre.»