Forskningsgruppen ved UiB Foto.: Irene Lavik Hjelmaas

Anette Bøe Wolff er utnemnd til professor

Anette Bøe Wolff har fått opprykk til professor ved Universitetet i Bergen. Kvalitet og volum på vitskaplege publikasjonar er dei mest sentrale kriteria for å oppnå professorkompetanse, og det er svært få som kjem gjennom det trange nålauget. Helseforsking Sogn og Fjordane er svært glad for at endå ein av våre tilsette er blitt professor.

Bøe Wolff har vore tilsett som forskingskoordinator på Helseforsking Sogn og Fjordane i perioden 2007-2011 og i 2019. No har Anette fått karrierestipend i Helse Vest, og har  4 års permisjon frå stillinga ved Helseforsking Sogn og Fjordane for å forske ved KG Jebsen senter for autoimmune sjukdommar.

– Det er veldig gledeleg at ein tilsett ved Helseforsking Sogn og Fjordane har fått karrierestipend i Helse Vest og no professorstilling ved UiB, seier Marit Solheim som er Forskingsleiar ved Helseforsking Sogn og Fjordane. – Det er stor konkurranse om slike professorat, og vi er svært stolte av det arbeidet Anette gjer.

Dei siste tolv månadene har det vore fire doktorgradsdisputasar knytt til Helseforsking Sogn og Fjordane. At Wolff no fekk eit professorat viser at ein også kan byggje ein akademisk karriere i distrikta.

 

Nokre kjappe spørsmål til Anette:

Kan du skildre ditt fagområde?

Eg er molekylærbiolog og jobbar med celler og dei små «tinga» inne i cellene, slik som DNA, RNA og protein. Denne kunnskapen brukar eg inn mot autoimmune sjukdommar. Sjukdommar der pasientar reagerer på substansar inne i eigen kropp. Døme på vanlege slike sjukdommar er: Type1 diabetes, autoimmun stoffskifte-sjukdom og multippel sklerose. Eg forskar mest på autoimmun binyrebarksvikt og tilstandar der det ligg ein genfeil bak organsvikten. Eg analyserer genane til desse personane, og kva konsekvens det har for blodceller og immunsystemet.

Inneber professortittelen ein skilnad i arbeidet ditt?

Det er jo veldig stas å få denne tittelen, og det gir ein viss grad av «pondus» i akademia. Bortsett frå det så er ikkje den daglege endringa så stor. Eg håpar det betyr at eg har større sjans å tiltrekke meg samarbeidspartar og å nå opp i store pengeutlysingar.

 

Kva forskar du på for tida?

Eg har 2 hovudprosjekt som er eg «PI» på (principal investigator), og mange biprosjekt. Begge prosjekta er del av KG Jebsen senter for autoimmune sjukdommar ved UiB.

  1. I det eine prosjektet har vi samla inn blodprøver frå familiar der ein ser opphopning av binyrebarksvikt og andre autoimmune sjukdommar med mål om å finne gen som er direkte involvert i sjukdommen, eller som gir risiko for sjukdom. Her brukar vi genomsekvensering (bestemmer DNA-sekvens for alle genar=genomet) i samarbeid med SciLifeLab på Karolinska Institutet i Sverige.
  2. I det andre prosjektet så skal eg studere spesifikke immunceller som beskyttar mot autoimmunitet, såkalla regulatoriske T celler. Eg skal ta ut blod frå pasientar, isolere enkeltceller, og bestemme DNA-sekvensen «i heile cella», og så samanlikne resultatet med friske kontrollar. Målet er at vi skal forstå meir om slike celler og korleis vi kan bruke dei i medisinsk terapi.

Kva driv deg som forskar?

Eg likar meg best på labben, og å få vere rettleiar for studentar på ulike nivå. Det er frustrerande, samtidig som det frydar meg, at det alltid er noko eg ikkje veit eller ikkje forstår. Dei oppturane når ein faktisk finn noko som kan forklare tidlegare ukjente «ting» er utruleg kjekt.