Entries by mediebruketbot

Betre i matte med aktiv skuledag

Elevar som strevar med matematikk, gjer det betre på skulen når ein del av undervisninga flyttar ut på skuleplassen. Tekst: Idun A.Husabø Vi sit for mykje i ro – alle som ein. Til og med tiåringar har for mange timar på baken. Forskarane veit kor godt det ville vere for helsa deira med meir hopp […]

Barnelege deltek på Forsker grand prix

Barnelege ved  barneavdelinga på Førde sentralsjukehus Hege Kristiansen deltek på årets Forsker grand prix, som vert arrangert i samband med Forskingsdagane. Trykk her for å sjå klippet. Som barnelege behandlar Kristiansen barn med fedme og overvekt. I Norge utviklar kvart femte barn overvekt eller fedme. Kvifor skjer det? Ser dei for mykje fjernsyn og er […]

ASK-prosjektet med eige symposium på stor amerikansk konferanse

Ni tilsette frå HiSF/Helse Førde deltok på ACSM-konferansen (American College of Sports Medicine) i Boston i USA i juni. Dette er ein av dei største og beste konferansane på fagfeltet. ASK-prosjektet  vart presentert på eit to-timars symposium, som blei av slutta med paneldebatt der Geir Kåre Resaland (HiSF/Helse Førde) og Sigmund Alfred Andersen (HiSF) deltok (sjå bilete). […]

Livskvalitet i fokus på fedmekonferanse

Forskingsgruppa folkehelse, livsstil og overvekt (FLO) hadde eige symposium på ein større europeisk fedmekonferanse i Gøteborg (EOS 2016) i juni. Symposiet hadde tittelen «Translating Health-Related Quality of Life (HRQOL) Research into Clinical Practice for Adults and Youth». Føredragshaldarar var Ronette L.Kolotkin (Helse Førde/HiSF), John Roger Andersen (Helse Førde/HiSF) og Margareth Zeller (USA). Ole Johannes Øvretveit […]

Forskar på farten

PhD-stipendiat ved avdeling for helsefag Irene Valaker presenterte abstrakt på internasjonal konferanse i Athen. Konferansen EuroHeartCare samla deltakarar med arbeid og interesse innan hjarteforsking. Irene hadde ein munnleg presentasjon om pasienten sitt behov for kontnuitet og samanhengande tenestetilbod etter utblokking av kransårer. Kontinuitet og samanhengande tenestetilbod I første del av PhD-studien sin, ser Irene spesielt […]

Studentar presenterte velferdsteknologi i Polen

Tekst og bilete: Hans Jakob Reite Fire av studentane ved ingeniørutdanninga på Høgskulen la fram bacheloroppgåvene sine på ein konferanse ved Silesian University of Technology forrige veke. – Eg fekk nett melding frå Polen om at dei ville ha studentane våre med på ein ny konferanse, smiler ein stolt førstelektor Marcin Andrzej Fojcik, som underviser på ingeniørstudiet. Simon […]

Helse Førde opnar seg for næringslivet

Helse Førde inviterte til dialogkonferanse på Scandic Sunnfjord hotell for å bli betre kjent med næringslivet i fylket. Helse Førde planlegg framtidas spesialisthelseteneste, og ser at det kan vere nyttig å strekke ut ei hand til næringslivet for å få hjelp til å løyse framtidige utfordringar. – Vi blir stadig fleire eldre i fylket, og […]

Robot i rehabilitering etter hjerneslag

Kan kopling mellom teknologi og helse hjelpe slagpasientar? Tre ingeniørstudentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer å utvikle samarbeidet mellom menneske og maskin. – Folk har ein skepsis til robotar i utgangspunktet. Dette kan til og med gjelde for ingeniørar, smiler dei tre studentane Børge, Hans Olav og Marius. Dei er inne i avslutningsfasen av […]

Frå Førde til Cape Town

Stomisjukepleiar i Helse Førde Kirsten Lerum Indrebø presenterte studien ho held på med på Verdskongressen for stomisjukepleiarar i Cape Town. Å tilpasse seg til å leve med stomi kan vere ei utfordring både fysisk og psykisk. Stomiopererte blir difor følgde opp poliklinisk hjå stomisjukepleiar ca 3 veker, 3, 6 og 12 månader etter operasjonen. Indrebø […]

Verdigheitsstudie i sjukeheimar

Eldre som bur på sjukeheimar er i ulike settingar eksponerte for situasjonar som kan assosierast med tap av verdigheit. For å hjelpe dei med å bevare verdigheita er det viktig å finne ut korleis dei sjølve ser på verdigheit. I denne skandinaviske studien har 28 bebuarar på seks ulike sjukeheimar delteke. Professor Maj-Britt Råholm ved […]