Entries by mediebruketbot

Livskvalitet på nynorsk

Tusen 10-åringar testa eit spørjeskjema om livskvalitet. Resultata er publisert i «Health and Quality of Life Outcomes». Spørjeskjemaet som måler fysisk velvære, psykisk velvære, kontakt med familie, vener og trivsel på skulen, bestod alle testane som vert krevd for å kunne seie at det kan brukast til livskvalitetsforsking. Skjemaet er også gjort tilgjengeleg på mange […]

Menn har mykje dårlegare kolesterolprofil enn kvinner

Forskarar frå Fjordomics-prosjektet i Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen har undersøkt fettsyre- og fettstoffnivåa i serum hos barn og voksne, med mål om å sjå korleis nivåa endrar seg gjennom livet. Dei inkluderte 91 friske 10-åringar og 136 friske voksne frå Sogn og Fjordane, og analyserte fastande blodprøvar for nivåa av […]

Genfeil peikar mot Alzheimer-løysing

Forskarar har gjort eit viktig funn på vegen mot å løyse Alzheimer-gåta. Dei har oppdaga eit protein som er sentralt for å forstå korleis sjukdommen oppstår.  – Funnet er både spennande og viktig, fordi denne studien for første gong viser at det faktisk er ein samanheng mellm mitokondriar og avleiringsprosessar i hjernen som er typsik […]

Studentar set lys på lårhals og liggesår

Sjukepleiarstudentane Aleksandra Tefre og Sindre Grotle er sentrale i prosjekt «Trygg pleie» på medisinsk sengepost på sentralsjukehuset i Førde. Sjukehuset og Høgskulen samarbeider om å utføre risikovurdering i samband med pasienttryggleik. Aleksandra understrekar at dei er særleg årvakne på emna fall og beinbrot (les: lårhalsbrot), underernæring og trykksår (les: liggesår). God økonomi Sindre legg vekt […]

Helse Førde har fått innovasjonsmidlar

Helse Førde fekk i år tilslag på to av søknadane om innovasjonsmidlar gjennom Helse Vest. Årleg vert det sett av ein pott i Helse Vest RHF til å stimulere til innovasjon i dei ulike foretaka. Prosjekta Samhandlingsbarometeret og NORSE fekk i år til saman 850.000 kroner. Dermed sikra Helse Førde seg ein solid andel av årets tildelingar. Senter for […]

Klokare saman enn kvar for seg

Sidan 2014 har sjukepleiar- og legestudentar hatt praksis i lag ved HiSF, noko som ikkje er vanleg elles i landet. Ordninga bør utvidast, meiner forskar. Les meir på HiSFs sine sider her.

Betre behandling med bruk av tilbakemeldingar

Den første nasjonale konferansen om bruk av tilbakemeldingssystem i klinisk praksis vart arrangert på Gardermoen i november. Helse Førde hadde innlegg om vårt eige kliniske tilbakemeldingssystem, som no er i bruk i psykiatrisk klinikk. Bruk av tilbakemeldingssystem i klinisk praksis er stadig aukande, og det er mange forskjellege system i bruk. For å samle klinikarar […]

Celebert besøk frå USA vitja Førde

I slutten av oktober hadde forskingsgruppa for psykisk helse og rus ein av verdas leiande psykoterapiforskarar på besøk. Louis George Castonguay er professor i klinisk psykologi og psykoterapi ved Pennsylvania State University i USA. Han jobbar klinisk med kognitiv adferdsterapi, og forskar også mykje innan dette feltet. Dei to siste tiåra har han vore ein […]

Inntrykk frå konferanse: Diagnose piksel for piksel

Ultralyd på skjerm blir brukt for å diagnostisere pasientar. I dag kan ulike legar gjere ulike vurderingar av same bilde. Kan maskina hjelpe? Ingeniør Marcin Fojcik ved HiSF er med i ei internasjonal forskargruppe som arbeider med dette viktige emnet. Han har nettopp organisert konferansen “the International Conference on Computer Systems in Medicine and Health”. […]