Celebert besøk frå USA vitja Førde

I slutten av oktober hadde forskingsgruppa for psykisk helse og rus ein av verdas leiande psykoterapiforskarar på besøk.

Louis George Castonguay er professor i klinisk psykologi og psykoterapi ved Pennsylvania State University i USA. Han jobbar klinisk med kognitiv adferdsterapi, og forskar også mykje innan dette feltet. Dei to siste tiåra har han vore ein av verdas leiande psykoterapiforskarar.

-Eg er særskilt nøgd med å kunne samle fagfolk, klinikarar og forskarar, frå både Høgskulen si Avdeling for Helsefag og Psykisk Helsevern i Helse Førde HF, til eit slikt seminar med ein internasjonalt leiande forskar. Drøftingane var svært inspirerande, seier Fagsjef ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde, Christian Moltu.

På seminaret i Førde foreleste Castonguay for klinikarar som fokuserer på psykopatologi, endringsprinsipp og samarbeid mellom forsking og klinikk i å utvikle practicebased-evidence.

Han har vore forfattar og medforfattar av over 130 vitskaplege artiklar om psykisk liding, kognitiv terapi, effektforsking og integrasjon, og blant desse fleire som verkeleg har flytta forskingsfeltet framover. Castonguay er spesielt oppteken av korleis ein kan integrere verksame prinsipp mellom ulike terapitilnærmingar, og korleis forsking og praksis kan styrke kvarande i den verkelege kliniske verda.

Dersom du ønskjer å vite meir om arbeidet hans kan du lese her.