Betre behandling med bruk av tilbakemeldingar
Den første nasjonale konferansen om bruk av tilbakemeldingssystem i klinisk praksis vart arrangert på Gardermoen i november. Helse Førde hadde innlegg om vårt eige kliniske tilbakemeldingssystem, som no er i bruk i psykiatrisk klinikk.
Bruk av tilbakemeldingssystem i klinisk praksis er stadig aukande, og det er mange forskjellege system i bruk. For å samle klinikarar som brukar slike system, og for å hauste erfaringar, vart den første nasjonale konferansen om bruk av slike tilbakemeldingssystem arrangert i november.
– Det er stimulerande at det er så mykje fagleg energi kring denne nyvinninga innan psykisk helsevern. Vår lokale satsing her er godt framme og gjer oss til naturleg fagleg part i nasjonale drøftingar om klinisk feedback, seier fagsjef i psykiatrisk klinikk Christian Moltu. Han hadde innlegg om tilbakemeldingssystemet Helse Førde har utvikla, og som no er i bruk i psykiatrisk klinikk.
Det var mellom anna deltakarar frå Tyskland, Storbritannia, USA og Belgia. Dette gav ein fin moglegheit til å danne internasjonale nettverk også.