Ny database for helseregistre

Samling av helseregistre i en metadatabase skal gjøre hverdagen enklere for forskere.

Det nye nettstedet Health Registries for Research Norway (Helseregistre for forskning) er en metadatabase som på sikt skal gi en samlet oversikt over hvilke helsedata som forskere kan søke det enkelte helseregister om å få tilgang til. Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet.

Foreløpig er det publisert en oversikt over de dataene som er tilgjengelige fra Dødsårsaksregisteret i Folkehelseinstituttet og somatikkdelen i Norsk pasientregister i regi av Helsedirektoratet.

Etterhvert vil informasjon fra de andre sentrale helseregistrene bli tilgjengelig på nettsiden.

Les hele saken på Forskingsrådet

Ny vitskapleg publikasjon!

Do nurses and other health professionals’ in elderly care have education in family nursing?”

Artikkelen er basert på resultat frå ein større spørjeskjemaundersøking som vart gjennomført i heimesjukepleia i Sogn og Fjordane. Hensikta var å undersøke om helsepersonell har deltatt på opplæring i pårørandearbeid, samt undersøke korleis helsepersonell vurdera pårørande sitt bidra og deira situasjon. Resultata viser at berre halvparten av sjukepleiarane og helsefagarbeidarane som deltok i studien, hadde deltatt på opplæring om pårørande sine behov og deira situasjon. Trendar i materialet tyder på at deltaking på opplæring har positiv innverknad på helsepersonell si merksemd til pårørande og deira situasjon, men dette gav studien ikkje noko eintydig svar på.

Finansiering: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Samarbeidspartner i prosjektet: Vestlandsforsking.
Prosjektleder: Siri Ytrehus

Olivia Sissil Sunde deltok i forskingsprosjektet som masterstudent og artikkelen byggjer på hennar masteroppgåve. No er Sunde tilsett som høgskulelektor/stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde. Ho planlegg no eit nytt forskingsprosjekt med fokus på pårørandeomsorg.

Ny vitskapleg publikasjon!

Tilgang til informasjon og rådgjeving frå heimetenesta: Rapport frå eldre kreftpasientar
Artikkelen baserer seg på funn frå masteroppgåva mi i samhandling innan helse- og sosialtenester. Det blei nytta eit spørjeskjema i denne tverrsnittstudien. 174 eldre kreftpasientar deltok. Følgjande forskingsspørsmål blei undersøkt:
I kva grad vurderte eldre kreftpasientar at heimetenesta tilbydde hjelp til:

  •  informasjon om
    1) sjukdom og behandling
    2) konsekvensar og komplikasjonar av kreftsjukdomen
  •  rådgjeving om
    3) ernæring
    4) fysisk aktivitet

Eit fleirtal (67-77%) av deltakarane rapporterte om låg grad av tilgang til informasjon og rådgjeving . Dei deltakarane som hadde kontakt med ein kreftkoordinator eller kreftsjukepleiar, rapporterte om signifikant høgare grad av tilgang til informasjon om sjukdom og behandling (p = 0,03), ernæringsråd (p = 0,04) og råd om fysisk aktivitet (p = 0,04) samanlikna med dei som berre hadde kontakt med ein sjukepleiar og heimehjelp i heimetenesta.
Implikasjon for praksis er tilbod om kreftkoordinator/kreftsjukepleiar i kommunen kan gje eldre heimebuande kreftpasientar større grad av tilgang til informasjon og rådgjeving.

Studien var ein del av det større prosjektet «Eldre kreftpasienters tilgang til og bruk av helse-og omsorgstjenester – implikasjoner for tjenesteutforming», finansiert av Kreftforeningen. Prosjektet var leia av professor Ellen Karine Grov og professor Siri Ytrehus.

Kristin Vassbotn Guldhav er kreftsjukepleiar ved Kreftavdelinga, HF, der ho er tilsett i Palliativt team. Frå oktober 2016 har ho hatt permisjon for å jobbe som studiekoordinator ved Kreftavdelinga. Dei siste to åra har ho i tillegg hatt ei 20 % stilling som regional medarbeidar for Kompetansesenter i lindrande behandling (KLB), Helseregion Vest.
I 2015 avslutta ho masterutdanninga si ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Rettleiarar: Ellen Karine Grov og Randi Jepsen

Link til artikkel (ikkje er OA)

Ny vitskapleg publikasjon!

Simulation-based training for nurses: Systematic review and meta-analysis.

Femten randomiserte kontrollerte studier er inkludert i oversikten. Meta-analysen viser at simuleringstrening er effektivt for å betre sykepleieres ferdigheter, når sammenligningen er andre læringsformer. Det trengs mer forskning for å finne ut hvordan simuleringen bør gjennomføres for best mulig læring. De ulike sammenligningenes samla forskning ble ved hjelp av GRADE verktøyet vurdert til lav kvalitet, og det er dermed usikkerhet knyttet til resultatene.

Simuleringstrening er en utbredt læringsstrategi for sykepleiere og annet helsepersonell. Funnene i artikkelen viser at simulering er effektivt for å bedre sykepleieres ferdigheter, og bør brukes som en del av opplæring og vedlikehold av sykepleieres ferdigheter, som et ledd i å forebygge uønskede hendelser knyttet til pasientbehandling og pleie.

Pål Andre Hegland er stipendiat ved HVL, Campus Førde, med tema klinisk innovasjon som tiltak for å betre pasienters helse-relaterte livskvalitet etter fedmekirurgi. Del av forskningsgruppa Folkehelse. Livsstil og overvekt. Han er også tilknyttet Nettverksgruppa for simulering ved HVL.

Link til artikkel.

Maria Holsen disputere 9. juni 2017 for ph.d-grad ved University of Tampere, Finland

Stipendiat Maria Holsen

Tittelen er: Operative Treatment and Magnetic Resonance Imaging-Based Diagnostics of Knee Disorders in Military Conscripts

Knee pain is a common complaint among conscripts and physically active young adults in general. Several conditions of the knee can become painful as a result of either increased strenuous activity or blunt trauma to the knee, both abundantly present during the frequent and versatile physical training of compulsory military service. In most conditions causing knee pain, primary treatment is non-operative, but when pain persists operative treatment can provide relief of symptoms. We examined outcome after surgical intervention for osteochondritis dissecans, painful bipartite patella, and medial synovial plica of the knee in military conscripts. Further, for this population, the use of magnetic resonance imaging in preoperative diagnostics of medial synovial plicae, and articular cartilage lesions of the patella (also referred to as chondromalacia patellae) was evaluated.

Personalia: Maria Holsen (f. 1970) kommer fra Karis I Sør-Finland og flyttet til Norge i 2016. Holsen ble cand.med. i 1998 ved University of Eastern Finland. Hun jobber som seniorrådgiver ved Helseatlastenesta og Samhandlingsbarometeret i Helse Førde.

Meir informasjon finn du her!

Her finn du heile avhandlinga til Maria Holsen.

Senter for helseforsking ynskje Maria Holsen lykke til på disputas!

 

Forskningsetikkloven har trådt i kraft

Den nye «Lov om organisering av forskningsetisk arbeid» bringer med seg en rekke endringer.

– Institusjonene får et langt tydeligere og konkret ansvar for håndtering av forskningsetiske spørsmål, og for å spre kompetanse innen forskningsetikk. Det er utmerket, sier Espen Engh, direktør i De nasjonale forskningsetiske komiteene.

Ansvaret er utdypet som følger:

  • Forskningsinstitusjoner skal sikre at forskningen ved institusjonen skjer i henhold til anerkjente forskningsetiske normer.
  • Institusjonene skal «behandle saker om mulige brudd på anerkjente forskningsetiske normer».
  • De skal ha et redelighetsutvalg.

Les heile saka her!

Lov om organisering av forskningsetisk arbeid (forskningsetikkloven)

Ny viteskapleg publikasjon!

Tittel på publikasjonen: «Understanding attitudes toward information and communication technology in home-care: Information and communication technology as a market good within Norwegian welfare services.»

Karianne Røssummoen Øyen, Olivia Sissil Sunde, Marit Solheim, Siri Ytrehus

Publisert i Informatics for Health and Social Care. 16.05.17.

Artikkelen baserer seg på resultater fra en større spørreskjemaundersøkelse som ble gjennomført i hjemmesykepleien i Sogn og Fjordane og redegjør for resultater fra spørsmål om bruken av IKT i hjemmesykepleien. Forskning om hvordan vi kan forstå og forklare bruken av IKT er et voksende forskningsområde. I denne undersøkelsen fikk ansatte spørsmål om både erfaring med og holdning til bruk av en lang rekke IKT-hjelpemidler. Til tross for manglende erfaring med bruk av disse fra arbeidet sitt, viste de ansatte positive holdninger til bruk av IKT i hjemmesykepleien.  De positive holdningene kan forklares med de ansattes omfattende erfaring med IKT som markedsgoder privat, noe som vil ha betydning når IKT tas i bruk som velferdsgoder i hjemmesykepleien.

Finansiering: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Samarbeidspartner i prosjektet: Vestlandsforskning.

Prosjektleder: Siri Ytrehus

Link til artikkel

No kan du søke på interne forskingsmidlar !

Helse Førde lyser ut to typar intern (berre for tilsette i Helse Førde) forskingsstipend for 2018.

Interne opne forskingsmidlar

  • Søknadsfrist er 20. september 2017
  • Maksimal tildeling pr.prosjekt er kr. 150 000.

Strategiske forskingsmidlar innan dei tematiske satsingane Folkehelse, livsstil og overvekt, og Psykisk helse og rus.

  • Søknadsfrist er 20. september 2017
  • Ein kan få inntil 3 mnd korttidsstipend.

For begge typar stipend finn du meir informasjon i vedlegga (må væra innlogga på HF).

NB! Du må laste ned skjema på eigen pc, og ikkje lagre det på denne sida.

Utlysing av opne forskingsmidlar i Helse Førde 2017.docx

Søknad om opne forskingsmidlar i Helse Førde.docx

Utlysing av strategiske forskingsmidlar i Helse Førde 2017.docx

Søknad om strategiske forskingsmidlar i Helse Førde.docx

Ny vitskapleg publikasjon!

Pasientars erfaringar med kliniske tilbakemeldingssystem i psykiske helsetjenester.

Kliniske tilbakemeldingssystem i psykisk helsevern vil verte sentrale i framtids helsetjenester, t.d i form av Helse Førde sitt sjølvutvikla NORSE-system. Denne artikkelen er ein systematisk litteraturgjennomgang og metasyntese av kvalitativ forsking på dette området. Funna er oppsumerte i fire overordna tema: 1)  Mistenksomheit overfor leverandørar av helsetjenester, 2)  Kliniske tilbakemeldingssystem må fange opp kompleksitet og nyansar i pasientars liv, 3) Kliniske tilbakemeldingssystem kan styrke pasientars råderett, og 4) Kliniske tilbakemeldingssystem kan fremje samarbeid mellom behandlarar og pasientar

Denne studia er utgangspunktet for den empiriske delen av Ph.D-graden til Stig Magne Solstad: ei intervjustudie av pasientar som har nytta NORSE som del av si behandling.

Stig Magne Solstad, psykolog i dobbeltkompetanseløp. Opprinneleg frå Lærdal, busett i Førde. Tilsett i Helse Førde, jobbar 50% klinisk og 50% med forsking. Tilknytta forskingsgruppa for Psykisk Helse og Rus, med Christian Moltu som hovudveiledar. Stipendiat ved Universitetet i Bergen, forskarskulen CDP (Clinical and Developmental Psychology).

Link til artikkel

Tester teknologi for å betre helsa til fedmeopererte

– Me veit ikkje godt nok korleis me kan bidra til at den einskilde pasienten får best mogleg livskvalitet etter fedmeoperasjon, seier stipendiat Pål Andre Hegland ved Campus Førde.

Det er dette Hegland skal bruka stipendiattida si på å finne ut. Han skal ta i bruk noko han kallar klinisk tilbakemeldingssystem, eit digitalt spørjeskjema der resultata skal nyttast aktivt i møtet med pasientane.

Digitalt spørjeskjema gir betre helse

Så, kva er eit klinisk tilbakemeldingssystem og kva er helserelatert livskvalitet?

– Helserelatert livstil er korleis helsa di påverkar korleis du har det i livet ditt. Helsa påverkar livet ditt på alle måtar. Er det tungt å gå ut, unngår du gjerne det. Sjølv om du skulle møtt vennene dine, noko som igjen gjer at du kan kjenne deg einsam, seier stipendiat Hegland.

Klinisk tilbakemeldingssystem er eit digitalt spørjeskjema. Før pasientane kjem til fedmepoliklinikken ved Førde sentralsjukehus, skal dei ha fylt ut det digitale spørjeskjemaet. Rapporten sjukpleiaren mottar før konsultasjon, vil innhalda grøne, gule og raude felt. Dei gule felta markerar at pasienten har nokre utfordringar, medan dei raude markerar at pasienten har alvorlege utfordringar knytt til eit område. Det er dette som skal legga grunnlaget for behandlinga sjukelpleiaren skal tilby pasienten.

– Målet er at det kliniske tilbakemeldingssystemet skal fanga opp kva pasienten synest er utfordrande og problematisk etter operasjon. Så skal helsepersonell ta tak i dette og raskare gi ei spissa behandling for den enkelte pasienten. Spørsmåla i skjemaet dekker ulike kategoriar som psykisk helse, oppleving av helserelatert livskvalitet og fysiske plagar, fortell Hegland.

Klinisk tilbakemeldingssystem er allereie i dag i bruk i Helse Førde i psykiatrisk klinikk, der dei har utvikla NORSE (The Norwegian Response System for Evaluation), og nyttar det i behandlinga av pasientane. Hegland samarbeider tett med denne forskingsgruppa.

Ta tak i problema tidleg

Pasienten kan svare på spørsmåla heime eller mens dei sit på venterommet før behandling. Målet er at ein skal byrja timen med dei områda som pasienten opplever som utfordrande i sin nye livssituasjon.

Det at pasienten har svart på spørsmål i forkant gjer at ein kan bruka tida hjå sjukepleiar på dei temaa som er viktige for pasienten. Med dette systemet håper Hegland at ein tidlegare skal oppdaga utfordringar og problem som pasienten har, og dermed tidlegare kunna setta i gang tiltak for å betre situasjonen.

Fedmeoperasjon er ingen «quick fix»

Helse Førde opererer om lag 50 personar kvart år for fedme. Alvorlig fedme fører ofte til redusert livskvalitet i tillegg til auka risiko for tilleggssjukdommar og tidleg død. Hegland fortel at fedmekirurgi er den behandlinga som er dokumentert å oftast gi varig vekttap hos pasientar med alvorlig fedme.

Vidare seier Hegland at fedmeoperasjon ikkje er nokon «quick fix» som ein del trur.

– Noko av det som overraskar og fascinerer meg med desse pasientane er korleis dei handterer denne tøffe behandlinga dei går igjennom. Alt to timar etter operasjon skal dei ut av senga og stå. Dei må også leggje om livsstil ganske radikalt både med tanke på kosthald og aktivitet, seie Hegland.

Det er lite langtidsdata om livskvalitet etter fedmekirurgi. Forsking, blant anna frå forskingsmiljøet i Førde, viser at dei fleste som gjennomgår fedmeoperasjon får det betre etter operasjon, men ikkje alle.

Statistikk gir livskvalitet

Klinisk tilbakemeldingssystem er nytta tidlegare i forhold til pasientar med psykiske problem og kreft. Det har ikkje tidelegare vore nytta på pasientar med fedme. Hegland skal nytta kvantitative data som han samlar inn frå målingane gjennom det kliniske tilbakemeldingssystemet. Her skal han kartlegga den psykiske helsa til pasientane og korleis dei opplever helserelatert livskvalitet.

Fase ein av doktorgradsprosjektet til Hegland er å innføre og teste ut det kliniske tilbakemeldingssystemet, og kartlegge korleis fedmeopererte opplever helserelatert livskvalitet og mental helse etter operasjon. I fase to av prosjektet skal han samanlikna svar i det kliniske tilbakemeldingssystemet før operasjon og eit år etter operasjon. Desse resultata skal han samanlikna med data som tidlegare er samla inn i Helse Førde, der det er målt helserelatert livskvalitet hjå fedmeopererte.

– Eg håpar då å finne ut at det kliniske tilbakemeldingssystemet gjer at pasientane raskare får hjelp til dei utfordringane og problema dei eventuelt har etter operasjon, seier Hegland.

Personalia

Pål Andre Hegland starta som stipendiat ved HVL mars 2016, han er medlem av forskargruppa Folkehelse, livsstil og overvekt som er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Leiar av gruppa er professor John Roger Andersen. Rettleiaren til Hegland er professor John Roger Andersen ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde og professor Grethe Seppola Tell ved Universitetet i Bergen.

Link til personprofilen