HVL Forskningskonferansen 2024

Forskingskonferansen 2024 går av stabelen torsdag 5. desember på HVL campus Bergen. Tema for årets konferanse er profesjonsforsking, og konferansen har fått tittelen «Korleis møter forskinga framtidsutfordringane?».

Kva framtidige utfordringar ser vi føre oss, og kva kunnskapshol bør forskinga sjå på for å finne dei beste løysingane på desse utfordringane? Kva metodar skal vi nytte oss av, og korleis styrkar vi samskaping og forsking på tvers av aktørar?

Leiar for arrangementskomiteen, Kine Melfald Tveten, og prodekan Marjolein Memelink Iversen opnar konferansen.

På programmet står fleire spennande innlegg, både frå interne og eksterne foredragshaldarar:

  • Christian Moltu, professor ved Høgskulen på Vestlandet og forskningssjef i Helse Førde, skal presentere Norse Feedback Action Research Program, eit prosjekt som involverer pasientar og terapeutar i utviklinga av persontilpassa helsetenester for personar med psykiske helseutfordringar.
  • Professor Anette Fagertun, ved Senter for omsorgsforskning, HVL, vil snakke om kvinnehelse, kjønn og arbeid, med innsikt frå prosjektet KLAR som fokuserer på overgangsalder og påverkinga på kvinners arbeidsliv og helse.
  • Professor Kristine Berg Titlestad, leiar for Cochrane Norway, skal fortelje korleis kvalitative kunnskapsoppsummeringar kan være eit viktig bidrag i møte med forskingas framtidsutfordringar.
  • Sverre Simen Hov, leiar for Bergen Næringsråds møtearena og koordinator for ekspertgruppa Helse, vil dele sine perspektiv på korleis ein kan kombinere velferd med verdiskaping.

Det blir noko for ein kvar smak med fleire parallellsesjonar som dekker tema som innovasjon, digitalisering og metodeutvikling, tverrprofesjonell forsking og utdanningsforsking, samt klinisk forsking.

Lunsjen vil inkludere ei posterframvising, der deltakarane får moglegheit til å sjå på posterar frå ulike forskingsprosjekt ved fakultetet og stemme på beste poster.

På slutten av konferansen blir det delt ut tre prisar: tidleg forskarkarriereprisen, artikkelpris og pris for beste poster.

– Nyhetssaken er hentet fra HVL og skrevet av Rachel Gershuny Berge, Seniorrådgjevar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Foto: HVL/Ingvild Festervoll Melien

Eli Natvik har fått opprykk til professor

Eli Natvik fekk nylig opprykk til professor i helsefremjande og førebyggande arbeid. Natvik er opptatt av å fremme helse og livskvalitet hos pasientar, og av samspelet mellom menneske og teknologi, for å sikre gode helsetjenester til framtidige generasjonar. Helseforsking Sogn  og Fjordane gratulerer Eli med opprykket til professor!

Alexandra Reksten Tufteland, seniorrådgjevar i Avdeling for kommunikasjon ved Høgskulen på Vestlandet, har intervjua Eli om hennar interesse for forsking. 

Korleis starta forskarkarriera di?

Svar: Startskotet var møta med personar som sleit med vekt- og helseproblematikk som kom til Helse Førde for fedmekirurgi, der eg som fysioterapeut var ein del av teamet rundt pasienten tidleg på 2000-talet. Eg lurte på kva behandlinga ville innebere for pasientane sine liv på lang sikt, utover lågare vekt. Dette fordjupa eg meg i gjennom master- og doktorgrad ved Universitetet i Bergen (UiB). Sidan har eg vore engasjert i å utvikle klinikknære forskingsprosjekt og samarbeid med brukarar, for at personar som lever med vekt- og helseproblem skal oppleve hjelpsame helsetenester og betre sjansar til å leve gode liv.

Forskingskarrieren starta med god rettleiing frå forskingsmiljøa ved Seksjon for fysioterapivitskap (UiB) og Helseforsking Sogn og Fjordane. Då eg oppnådde finansiering til doktorgradsprosjektet mitt frå Fysiofondet, kunne eg satse på forsking, som eg hadde veldig lyst til.

Kan du trekkje fram eit forskingsprosjekt som du jobbar med no? 

Svar: Då vel eg det nystarta NFR-finansierte forskings- og innovasjonsprosjektet Norse Impact – Continuous digital care in mental health (Norse Impact), som er leia av kollega Christian Moltu.

Eg leier arbeidspakken som skal utvikle, støtte og forske på prosessar for ansvarleg og etisk innovasjon. Fleire forskarar ved FHS bidreg til arbeidspakken, og vi er i gang med å bygge nye samarbeid nasjonalt. Prosjektet er eit høgdepunkt i mi karriere, fordi innovasjonsforsking er ei utviding av mine felt, samtidig som eg bygger meir kompetanse innan psykisk helse, brukarmedverknad og samhandling.

Dersom du fekk uavgrensa med tid og midlar – kva ville du ha forska på då?

Svar: Då ville eg ha bygd meir mangfaldig forsking og innovasjon som støttar samspelet mellom menneske og teknologi, for å fremme helse og solide helsetenester for generasjonane som kjem. Forskinga skulle vore utprega tverrfagleg og deltakande. Eg ville utvikla prosjekt saman med aktørar frå kunst- og kulturfeltet, i tillegg til dagens og framtidas brukarar og interessentar.

 

Disputas 18.10.24 – «The first five session study: Alliance formation processes from the perspectives of clients and therapists»