Helse Førde opnar seg for næringslivet
Helse Førde inviterte til dialogkonferanse på Scandic Sunnfjord hotell for å bli betre kjent med næringslivet i fylket.
Helse Førde planlegg framtidas spesialisthelseteneste, og ser at det kan vere nyttig å strekke ut ei hand til næringslivet for å få hjelp til å løyse framtidige utfordringar. – Vi blir stadig fleire eldre i fylket, og færre yrkesaktive. For å kunne løyse framtidas utfordringar er det difor nødvendig og tenke nytt og arbeide med tenesteutvikling og innovasjon, seier utviklingsdirektør i Helse Førde Anne Kristin Kleiven.
Speed-dating
Det er første gong Helse Førde har arrangert ein slik konferanse, og målet med dagen var å bli betre kjent, og kunne utforske moglegheiter for framtidig samarbeid. Difor vart det sett av tid til speed-dating, der ein kunne snakke saman i ein meir uformell setting.
Helse Førde nytta også sjansen til å lansere Idémottaket sitt, som er ein nettportal der alle som ønskjer kan melde inn sine idear om forbetringar.
Samarbeid
Konferansen var eit samarbeid mellom Innovasjon Norge, NHO Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, og Helse Førde. – Denne konferansen er eit første steg på vegen mot å kunne samarbeide tettare med framtidige prosjekt, seier rådgjevar i NHO Sogn og Fjordane Marit Gjerstad.