Høgskulen på Vestlandet

1.januar vart Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) til Høgskulen på Vestlandet. HiSF fusjonere med Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen Stord/Haugesund. Høgskulen på Vestlandet skal prega utviklinga av Vestlandsregionen – og lærar-, helse- og ingeniørutdanning er ryggraden vår. Me blir 16.000 studentar og får fem studiestader: Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund.

Professor Berit Rokne tiltrer som rektor for HVL i januar, ho skal stake ut vegen for ein heilt ny institusjon. Ho trur det er ein fordel å vere stor i dagens utdanningslandskap. Ho håpar på ein fagleg gevinst, under føresetnad av at ein aktivt må ynskje å utvide fagfellesskapet sitt. Dette vil komme studentane til gode, og vil føre til at dei møter høgt kompetente fagleg tilsette i ei større fagleg breidd – om vi klarar å bruke den breidda. Ho ser òg ein gevinst i moglegheita for å få sterkare administrative funksjoner ved at ein også her får eit større fagleg fellesskap.

Link til Høgskulen på Vestlandet