Kompetent helsepersonell er avgjerande for pårørande si oppleving av verdige tenester. Ny vitskapleg publikasjon

Det er viktig for pårørande at helsepersonell ser pasienten sine individuelle behov og heilskaplege situasjon. Dersom dette ikkje vert oppfylt, viser denne studien at pårørande tek over helsepersonell sine oppgåver. Dette er noko pårørande gjer utan å diskutere det med helsepersonell, fordi dei ikkje ynskjer å uttrykke misnøye. Dei føler at dei har ansvar for at pasienten har eit verdig liv, men opplever å ikkje strekke til. Dei opplever ei dobbel byrde, og blir slitne. I tillegg misser dei heimen som fristad når helsepersonell kjem innom til varierande tider.

Frå venstre: Førstelektor Gro Hovland, Berit Ullebust frå Utviklingssenteret Sogn og Fjordane, Professor Maj-Britt Råholm og Høgskulelektor Bente Egge Søvde,

På lik linje med fagleg kompetanse, er helsepersonell sin relasjonskompetanse sentral for  pårørande si oppleving av verdig omsorg. Personsentrert omsorg er avgjerande for verdige tenester. Regelmessige pårørandesamtalar er viktig for å avdekke behov hjå pårørande. Slik kan helsepersonell få vite kva som lettar byrda for pårørande, og handle ansvarleg utifrå det.

Denne studien er ein del av NurseComp-prosjektet leia av professor Maj-Britt Råholm, som har med seg PhD stipendiat Bente Egge Søvde, førstelektor Gro Hovland, kreftkoordinator og Berit Ullebust ved Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester

Link til artikkel finn du her!

Link til prosjektet artikkelen er ein del av i Cristin finn du her!