«Mastergrad bidreg til funksjonsdyktige spesialsjukepleiarar med endring- og utviklingskompetanse»

Dette hevdar Gro Hovland, som har koordineringsansvaret for masterutdanninga i anestesi-, operasjon- og intensivsjukepleie ved campus Førde. «Ei oppgradering av vidareutdanningane til masternivå vil auke den enkelte student si evne til kritisk og analytisk tenking. Sjukepleievurderingane skal gjerast på grunnlag av oppdatert forsking for å sikre at pasienten bli ivaretatt på ein god måte» Seier Gro Hovland.

Ti studentar starta våren 2018 på masterprogrammet ved campus Førde. Tove Eikeseth Klakegg er ein av desse ti, og blir ein av dei fyrste intensivsjukepleiarane i Førde med mastergrad. Hennar masterprosjekt skal fokusera på mobilisering av intensivpasientar.

Tidleg mobilitet av dei sjukaste
Klakegg skal i si masteroppgåve sjå på korleis intensivsjukepleiar, legar og fysioterapeutar ser på tidleg mobilisering av intensivpasientar. Ho skal omsetje eit spørjeskjema som blir brukt på intensivavdelingar i Canada til norske forhold, og teste dette ut.

Masterstudent Tove Eikeseth Klakegg

«Tidleg mobilisering vil seie at me vil ha pasientane så tidleg som mogleg opp av senga og trena dei» forklarar Klakegg. Det er mykje som ligg i mobilisering, alt frå passive rørsler, der fysioterapeutane beveger på armar og bein til sengeliggjande pasientar, til at pasientane skal ut av senga og opp å gå. Det er viktig å starta mobiliseringa også av dei sjukaste så tidleg som mogleg for a unngå at pasientane skal få uynskja komplikasjonar av medisinsk behandling som til dømes tap av muskelmasse, trykksår, delirium og redusert funksjon i ledd.

Mobilitet fører til betre funksjonsnivå
Avdelingssjef Robert Brennersted ser gjerne at sjukepleiarar og andre gjennomfører praksisnære masterprosjekt som dette. «Når ein av våre tilsette gjennomfører eit slikt prosjekt, bidreg det til at praksis på intensivavdelinga forankrast i forskingsbasert akademisk kompetanse. Samstundes ser me at tidleg mobilisering av intensivpasientar har stor positiv påverknad på helsa til mange kategoriar pasientar,» seier han.

«Klakegg sitt masterprosjekt er eit godt døme på at masterutdanninga vil ruste sjukepleiarane til avansert klinisk arbeid samstundes som den gjer det mogleg for sjukepleiarane å forske på eige felt. Dette vil kunne bidra til livslang læring, karriereutvikling og utvikling av tenestene.» hevdar Gro Hovland.

Tove Eikeseth Klakegg har fått stipend på 15 000 kroner frå Helse Førde som støtte til å gjennomføre dette masterprosjektet. Klakegg tar masteren på sida av jobb på intensivavdelinga på sjukehuset.