Musikkterapi hjelper i traumearbeid med barn
Musikkterapeut og spesialist i klinisk pedagogikk ved Førde BUP, Gunn Karoline Fugle held innlegg på konferansen «The 8th Nordic Music Therapy Congress» i Oslo i sommar.
Tema for konferansen var «Music therapy across contexts». Fugle sitt innlegg handla om musikkterapi i traumearbeid med barn, med utgangspunkt i forsking innan faga utviklingspsykologi, nevrologi og musikkterapi.
Publikum fekk høyre korleis barn gradvis i løpet av ein musikkterapiprosess fekk hjelp til ulike utfordringar, mellom anna soving, meistre å vere saman med andre born, læring, leik og å utvikle seg.
– Tilbakemeldingane frå publikum var svært bra, og nokon sa dei vart emosjonelt berørte av korleis barn og deira foreldre med store utfordringar fekk hjelp til samspel og å kunne uttrykke seg verbalt og ikkje-verbalt, seier Fugle.
I haust skal Fugle bruke mykje av tida si på å utarbeide ein prosjektplan for eit framtidig PhD-prosjekt. Ho har fått midlar til dette arbeidet gjennom den tematiske forskingssatsinga psykisk helse og rus i Helse Førde.