Musikkterapi hjelper i traumearbeid med barn

Musikkterapeut og spesialist i klinisk pedagogikk ved Førde BUP, Gunn Karoline Fugle held innlegg  på konferansen «The 8th Nordic Music Therapy Congress» i Oslo i sommar.

Tema for konferansen var «Music therapy across contexts». Fugle sitt innlegg handla om musikkterapi i traumearbeid med barn, med utgangspunkt i forsking innan faga utviklingspsykologi, nevrologi og musikkterapi.

Publikum fekk høyre korleis barn gradvis i løpet av ein musikkterapiprosess fekk hjelp til ulike  utfordringar, mellom anna soving, meistre å vere saman med andre born, læring, leik og å utvikle seg.

– Tilbakemeldingane frå publikum var svært bra, og nokon sa dei vart emosjonelt berørte av korleis barn og deira foreldre med store utfordringar fekk hjelp til samspel og å kunne uttrykke seg verbalt og ikkje-verbalt,  seier Fugle.

I haust skal Fugle bruke mykje av tida si på å utarbeide ein prosjektplan for eit framtidig PhD-prosjekt. Ho har fått midlar til dette arbeidet gjennom den tematiske forskingssatsinga psykisk helse og rus i Helse Førde.